7700 røyster kom inn til
Dei fem beste er no i finalen. Luttprisen vert delt ut 19.desember under Julelutt direkte frå Skywalken i Førde, på radio og nett-tv.
Good Time Charlie
Det tradisjonsrike bandet presenterte ny lyd når dei i 2008 gav ut plate i jubileumsåret sitt. 25 svært aktive år feira bandet, som kallar den nye stilen sin for garasjesoul. Frontfigur Arle Hjelmeland frå Førde og Steinar Karlsen frå Eikefjord har hausta gode ord frå alle kantar for det nye albumet. Plata, som har fått namnet "Mojo Energy," har fått terningkast fem frå store aviser som Dagbladet, VG, Aftenposten og BT.
Britt Pernille Frøholm
Den kvinnelege spelemannen frå Hornindal fekk fantastiske meldingar for soledebutplata si i 2008. Dei urbane avisene Aftenposten, VG og Dagbladet ga ho terningkast fem. "Ein port til hardingfelas univers" skreiv Dagbladet om debutplata "For allje dei." 30-åringen, som også var innom fylkestoppen, har tatt tradisjonsmusikk frå heimbygda og tilført sitt eige personlege uttrykk.
The Generous Days
Bandet har hatt eit fantastisk år i 2008. Dei gav ut sin første EP, spelte på den legendariske beatlesklubben "The Cavern" i Liverpool, Hovefestivalen og i Los Angeles. I Liverpool sa festivalsjefen at gruppa var ein av hans nye favorittar. The Generous Days har base i Oslo, men medlemmene kjem frå Jostedalen, Hornindal, Lærdal og Leikanger. Dei hadde også låta "Smile" inne på fylkestoppen ein periode i haust.
Leiv Reed
Musikaren frå Breim spelte på bransjetreffet Bylarm i februar 2008. Han har også i år vore eit heitt musikknamn i musikkmiljøet i Bergen der han held til. 24-åringen jobbar også med det som skal bli ei plate. Reed spelte også på Lutt sin sommarkonsert på Sandane i sommar.
Bremanger musikklag
Musikklaget i Bremanger har hatt store suksessar med sine store oppsettningar. Dei har tidlegare hatt førestillingar med musikk av både ABBA og Elton John. I 2008 sette Bremanger musikklag opp "Frå Cash til Springsteen," og fekk nok ein suksess. Dei har hatt fulle salar både lokalt i Bremanger, andre stader i fylket og i Grieghallen i Bergen. Det siste stykket hadde nær 50 aktørar på scena i korps, band og som vokalistar.