Første samakebit frå nye The Micropops, So Surreal, har fått bra med radiospeling i sommar.
Snart ny musikk
Snart kjem det meir musikk frå det nye radarparet Håkon Njøten og Sofie Storaas. Tidlegare er det gulenværingen som har skrive musikken, men no er fordelinga halvt om halvt.
Musikkvideo i London
Denne veka er Håkon Njøten og Sofie Storaas i den engelske hovudstaden for å spele inn musikkvideo til So Surreal.
I januar kjem neste singel, og i april neste år er etter planen ei ny langspelplate klar.
Dette blir ei plate med litt hardare og meir vaksen pop.
- Ikkje fullt så sommarleg og lolipop-barnsleg som debutalbumet. Utan at det er meint negativt, seier Njøten om musikken som dei no er i ferd med å skrive.
Store ambisjonar.
Duoen vil satse på musikken det neste året. Håkon Njøten har teke fri frå skule og arbeid for å prøve å etablere ei karriere med The Micropops.
Nålauget for å lykkast i pop-bransjen er trangt men vi må berre prøve, seier dei to.