For tredje året på rad er det klart for NRK Sommarlutt på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. På scena står Vegard og Bård Leite, Let's Be Light, To levande og ein død, Laila Beathe Førde, Arvandor og NRWY.
Direkte på radio
Konserten startar klokka 13, varar i to timar og blir sendt direkte på radio i NRK Sogn og Fjordane.
- Vi synst det er veldig kjekt å få vise fram så mange gode musikarar frå fylket. Her blir det musikalsk fest. Ekstra spent er eg når vi samlar "To levande og ein dør" for første gong på 20 år. Det seier prosjektleiar for NRK Sommarlutt Stian Sjursen Takle.
- LES MEIR:
-Stemningsfullt
Leiaren for Malakoff Rockfestival, Arnt-Ivar Naustdal, meiner at årets Sommaluttprogram er veldig variert og bra.
- Her er alt frå spennande urørtartistar og x-faktor deltakarar til gjennforeningar av band som ikkje bandet sjølv hadde tru på eingong. Det vert ein fin og stemningsfull konsert, seier festivalsjefen.
- SJÅ OG:
LET`S BE LIGHT
Elektronica/pop
Lise Kristin Kvenseth frå Selje og Stian Kjelstad Granmo frå Trondheim dannar duoen Let`s be Light. Bandet starta samarbeidet våren 2010, og resultatet har blitt herlig, fengande synthpop. Sjølv om mange av låtane har eit lett melankolsk preg, spenner musikken seg frå rolig elektronisk pop til deilig disko. Let`s be Light gav ut sin fyrste EP seinhausten 2011. Dei fekk raskt merksemd av NRK Urørt, som har anbefalt og spelt låtane fleire gongar på P3. Då bandet nylig vart kåra til “Ukas Urørt” var omtala: «Let`s be Light leker seg med synther og skaper et kontrastfylt univers fylt av nostalgi, kulde og varme på samme tid. Velprodusert, lekker elektronika som får blodet til å bruse lengselsfullt i årene».
http://www.nrk.no/urort/Artist/LetsbeLight/default.aspx
LAILA BEATE FØRDE
Soul/jazz/pop
Låtskrivar, vokalist og saksofonist. Starta tidleg si musikalske karriere og har delteke på ei mengde forskjellige musikkprosjekt opp igjennom åra. Har vore med på studio-innspelingar med band som t.d. Fabel, Green Granadas og Finn-Erix. Hausten 2011 debuterte ho som låtskrivar på Astrid Kloster (Aftenlandet) sitt album Vintersong. Det er som låtskrivar og frontfigur i eige bandprosjekt vi skal få oppleve Laila B. Førde under årets sommarlutt. Ei mindre kjend side for folk flest, men ei side som har forma seg sakte men sikkert med åra. Det blir tekstar på dialekt i fengande og groovy soul/jazz/pop rytmar.
NRWY
Rock/country
Låtskrivar og vokalist Erik Grov dannar med gitarist Per Christian Grov, bassist Amund Stokke og trommeslagar Sjur Vidar Lilleås, bandet NRWY. Sidan oppstarten i mars 2011 har bandet sett sitt fotavtrykk med EP'en "Corrections", samt godt besøkte konsertar i Oslo, der dei held til. Bandet sin sound er sterkt påverka av amerikansk alt-country såvel som britisk og amerikansk 70-tallsrock. Inspirasjonskjelder som kan nemnast er Fleetwood Mac, Son Volt, Wilco, Death Cab for Cutie, Neil Young, Bruce Springsteen m.m. Bandet jobbar for tida med nytt materiale, som dei planlegg å presentere for publikum på ei rekkje konsertar i både i Noreg, Liverpool og USA til hausten. Men fyrste stoppestad er Sommarluttscena under MR2012.
TO LEVANDE OG EIN DØD
Vise
Vart litt tilfeldig danna av Odd Erik Lothe og Bård Egil Eide, då dei fekk med seg Hege K.Lillestøl Naustdal og stilte opp på UKM på Eid i 1991. Låta «Liten mann» vart ein slager på NRK Sogn og Fjordane våren 1992, etter at dei tre gjekk vidare frå fylkesfinalen til landsmønstringa i Trondheim. Særpreget til to levande og ein død låg i norske tekstar, varme melodiar og harmoniar med to stemt song. Den raspete røysta til Odd Erik mot den lyse vare til Hege vart eit særpreg. Det er over 20 år sidan desse tre spelte saman aleine. Då bandet gjekk over i det som seinare vart Fabel. Eit comback verken vi eller dei sjølve hadde heilt trua på…men til sommaren står dei på Sommarluttscena!
VEGARD OG BÅRD LEITE
Pop/rock
Vegard og Bård, begge kjent frå kvart sitt talentprogram på TV har no slått seg saman og blitt ein duo. Begge er født og oppvaksen på Værlandet, der musikk har vore ein del av oppveksten. Vegard har ikkje berre ei fantastisk røyst å spele på, men brukar og munnspel, gitar og ukulele når han er på scena. Bård går på scena ein kraftig vokal, gitar og piano, samt at han er ein fantastisk entertainer. Saman fyller dei scena og lagar god stemning og liv på dansegulvet. Karane har nett vore i Los Angeles for å spele inn depubtplata si som kjem i haust.
ARVANDOR
Rock
Arvandor lagar musikk innan rocke-sjangeren. Musikken er variert, melankolsk og melodiøs, med inspirasjon frå fleire sjangrar. Mykje fokus ligg på det instrumentale, og dei syng på dialekt og engelsk. Dei trivst godt på scena, og har mellom anna spelt på Meieriet i Sogndal, Lost Weekend 2010, Emergenzafinalen i Bergen 2009, Garage, Torsdagsrock Hulen, Træskeverket Førde, Blest Nordfjordeid 2011 og Kvarteret. I mai 2012 var dei i studio og spelte inn ein EP som kjem ut i løpet av juli.