Hopp til innhold

«Three Angels» vann Oslo-tur

Dommarane krangla og det kom inn heile 7 400 røyster.

Publikum og jury kåra «Three Angels» frå Eid til vinnarar av MGP-lokal i Florø fredag kveld. Dei tre jentene sjarmerte både jury og publikum.

– Dette var det beste vi har sett frå MGP-lokal så langt, sa MGP-programleiar Per Sundnes etter finalen fredag.

(Artikkelen held fram under biletet)

MGP Lokal i Florø

ENGLAR FRÅ EID: Three Angels var mellom dei yngste i finalen, men stakk likevel av med tur til den norske Melodi Grand Prix-finalen i Oslo.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

– Lugga kvarandre

Saman med Anne Rimmen presenterte han vinnarane direkte frå samfunnshuset i Florø fredag kveld.

– No ligg det masse laust hår på golvet der dommarane sat, for der har det gått for seg med lugging, fleipa Sundnes frå scena.

Sjå videoproduksjonen frå MGP Lokal i Florø

Mykje skryt til Florø

De to MGP-programleiarane nytta også høvet til skryta av det positive møtet dei har hatt med kystbyen.

– Hygggelige folk som helsar på gata, stor entusiamse, flott utsikt mot havet. I morgon kjem over ein millon menneske til å ønskje at dei var her, var dommen frå Rimmen og Sundnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anne Rimmen og Per Sundnes

FEKK IKKJE BANNE: MGP-programleiarane Anne Rimmen og Per Sundnes tøysa og tulla då dei skulle lese opp vinnarane. Mellom anna fekk Sundnes streng beskjed av Rimmen om at han ikkje skulle banne, slik han ofte gjer.

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Får tur til Oslo Spektrum

Juryen trengde ekstra tid for å bli samde, men til slutt kunne altså Sunniva Flaten Brekke, Oline Challen og Marie Jacobsen Lillestøl sleppe jubelen laus.

– Vi blei veldig overraska, men no er vi kjempeglade, seier dei tre jentene.

Premien til dei tre ti år gamle jentene er ein tur til den nasjonale finalen i Melodi Grand Prix i Oslo Spektrum i februar.

Sundes lova jentene at dei skulle få komme backstage i Oslo få helse på alle artistane.

– Vi skal gjere skikkeleg stas på dei, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video THREE ANGELS

Sjå Three Angels synge i delfinalen på Sandane.

Får synge før delfinalen

I tillleg får dei opptre framfor 3 000 publikumarar like før MGP-delfinalen i Florø startar laurdag.

– Det blir skikkeleg gøy og vi gler oss kjempemasse, seier Sunniva, Oline og Marie.

Også dei fire artistane som kom på andre til femte plass får syngje i idrettshallen.
Det er Johanna Knudsen frå Jølster, Hanna Kvamme frå Vågsøy, Ida Skjerping Mo frå Lærdal og Einar Bolstad frå Luster.

Gler seg

Johanne Knudsen har tidlegare vore med i MGP jr. i Oslo Spektrum. No gler ho seg til å stå på scena i idrettshallen laurdag kveld med den sjølvskrivne songen «Den jeg stoler på».

– Det var kjempekjekt å få komme vidare, for det var så mange flinke med her i kveld. No gler meg veldig til i morgon.

Totalt deltok 16 unge artistar i alderen 10-17 år frå heile fylket i finalen fredag kveld.

Fekk gåsehud

MGP-generalen i Florø, Per Øyvind Helle, fekk gåsehud då han høyrde dei unge songtalenta.

– Dette har vor ein fantastisk kveld og viser litt av breidda i MGP-konseptet. Dette er ein ny arena å få vist fram talentet sitt på, seier han oppglødd

Opptak av sendinga vert lagt ut på nettsida til NRK Sogn og Fjordane laurdag.