Hopp til innhold

-Satsar på speleglede

The Micropops satsar på speleglede for å vinne publikum.

The Micropops
Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

Høyr The Micropops på LUTT Bylarm-spesial.

- Det største eg har vore med på

- Dette er det største eg har vore med på av konsertar. Det seier Håkon Njøten og Bjarte Sanda når vi treff dei under bransjetreffet Bylarm. Der fekk bandet mykje skryt for å vise stor speleglede. På scena er dei vokalist, gitarist, tangenter, trommeslager og eit minikor på to.

Eit band som har det så kjekt på scena, får deg automatisk i godt humør. Ei totalt fryktlaus framføring, og eit band å rekne med for framtida.

Bylarm-avisa om The Micropops.
Bjarte Sandal i The Micropops
Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

Musikken gir energi

- Vi elskar å opptre, og øser oss veldig opp før vi skal på scena, seier trommeslagar Bjarte Sandal. Både han og Håkon kjem frå Eivindvik i Gulen. Dei meiner det er musikken som får bandet til å levere så levande på scena.

Fekk spelejobbar

- Vi hadde nervar før vi gjekk på scena. Men den store energien gjorde at nervene forsvann når vi kom ut der, seier Bjarte Sandal.
På Bylarm gjekk det så bra for The Micropops at dei også fekk fleire tilbod om spelejobbar etter dei to konsertane i Dagbladet-teltet og John Dee.

Meir avansert

No jobbar bandet med ny musikk. Tidlegare har det vore Håkon som har skrive all musikken, men no er også Bjarte Sandal med i produksjonen.
- Det nye blir litt meir avansert, men like mykje speleglede og dansbar musikk, lovar dei to musikarane.