– Det stod at du måtte melde deg over på e-faktura, og at du kunne vere med i trekninga. Du kunne vinne nedbetaling, seier Caroline Wågsæther som er kunde i Staten Lånekasse.
Det er i anledninga at Statens Lånekasse går over til månadleg nedbetaling, i staden for tremånadars betaling, at dei lokkar med å betale delar av lånet for nokre heldige kundar.
– Sju kundar kjem til å vinne, ein kunde kvar månad, seier Cathrine Grimelund, som er regiondirektør i Statens Lånekasse.
Til og med desember 2014 skal Lånekassen trekke ut ein kunde kvar månad, og dei som kan vinne er dei som har, eller dei som går over til avtalegiro.
– For lite beløp
Dei sju kundane som vinn får rundt tre månadsbeløp betalt av Lånekassen, til saman opp til ti tusen kroner. Fleire av Lånekassen sine kundar seier dei gjerne ville hatt ein større premie.
- Les også:
- Les også:
– Eg skulle gjerne ha vunne og blitt kvitt heile lånet, seier Hanne Maren Meldahl.
Lånekassen skriv på sine sider det er mange fordelar med avtalegiro, mellom anna at du slepp å huske på forfallsdatoen, og at du unngår purregebyr og forseinkingsrenter.
– Kjem du til å gå over til avtalegiro og delta i konkurransen?
– Kanskje, sidan du minte meg på det, men eg trur ikkje eg hadde gjort det viss ikkje, seier Meldahl til NRK sin utsende.
– Skattefritt
Tidlegare har Lånekassen lodda ut iPad til kundar som har eFaktura. At Lånekassen loddar ut pengepremie er ikkje juridisk utfordrande.
- Les også:
– Me har vurdert den sida av saka, men me synst ikkje det er juridisk utfordrande, seier Cathrine Grimelund i Statens Lånekasse.
Dersom summen er under ti tusen kroner vert dette rekna som ei gåve, og difor kan Lånekassen lokke med pengepremiar.
– Så lenge det er under ti tusen kroner er det skattefritt for kunden, og då ser me at det er ikkje noko verre å skulle gi ein pengepremie enn å gi ei gåve som til dømes eit nettbrett eller ein reisesjekk som me har gjort tidlegare, seier Grimelund.