Hopp til innhold

Liv Signe dansa for ny veg

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete var på heimlege trakter då ho onsdag ettermiddag opna den nye vegen mellom Voldum og Borlaug på E16 i Lærdal.

Omlag 300 personar var samla til vegfesten ved Tuftåstunnelen.

I opningstalen sa Navarsete at det var på tide at ei farleg og dårleg vegstrekning vart erstatta med ein ny og tryggare veg.

- E16 er sannsynlegvis ein av dei aller dårlegaste stamvegane våre, det har eg alltid sagt. Gamlevegen var rett og slett køyrd sønder og saman, sa ho.

Sjå bileta frå vegopninga i Lærdal

Sterk trafikkauke

Vegopning på E16 i Lærdal

Mange born var med under opninga.

Foto: Arve Uglum / NRK

Etter at Lærdalstunnelen opna, har det vore ei sterk trafikkauke på E16 gjennom Lærdal.

- Strengt tatt burde vel utbetringa her vore gjort samstundes med at ein bygde Lærdalstunnelen, før ein sette endå meir trafikk på denne dårlege vegen. Eg har lyst å takke alle dykk som har halde ut med den gamle vegen i påvente av den nye.

Meir trafikksikker veg

Med den nye vegstrekninga som omfattar ein tunnel og tre bruer, har meir av vegen fått stamvegstandard og den vil no vere meir trafikksikker.

Vegen mellom Voldum og Borlaug har kosta omlag 260 millionar kroner og har gjort vegen gjennom Lærdal 2,2 kilometer kortare. Tilsaman er vegen korta inn med heile 7,2 km dei siste åra.

- Denne innkortinga, saman med at trafikken vil halde høgare fart, gjer at køyretida gjennom dalen vert monaleg redusert.

- Ikkje råkøyr

Tuftåstunnelen

Inne i Tufåtstunnelen.

Foto: Arve Uglum / NRK

I talen sin var Navarsete oppteken av farten på den nye vegen.

- Det er særs viktig framover at folk ikkje byrjar råkøyre her sjølv om ein har fått ny og flott veg. For at me skal unngå ulukker må kvar enkelt av oss ta eit ansvar. Me må sjølvsagt ikkje køyre i rusa tilstand, me må bruke sikkerheitsbelte, me må halde fartsgrensene og me må vere merksame og ikkje drive med andre ting, anten det er mobilen eller stereoanlegget. Alt dette høyrest sikkert sjølvsagt ut, men statistikken viser at det i svært mange av ulukkene er førarfeil innblanda.