Hopp til innhold

Lettare å bygge i strandsona

Det skal bli lettare å byggje i strandsona i Sogn og Fjordane enn elles i landet. Det lovar miljøvernminister Erik Solheim.

Bulandet og Værlandet

Bulandet og Værlandet

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Åge Starheim frå Framstegspartiet har klaga på fylkesmannen som han meiner har praktisert strandsonevernet så strengt i fylket. Han meiner det har negativ konsekvens for kystutviklinga, skriv Firda.

Skilnad på pressområde

Erik Solheim

Erik Solheim

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Men Solheim seier regjeringa arbeider med å lage ein plan som tek omsyn til ulikskapane langs kysten, og at 100-meters regelen ikkje skal stå i vegen for fornuftig næringsutvikling.

- Etter retningslinene vil det bli enklare å få løyve til å byggje i område med mindre press på areala, enn i område der presset er stort. Sogn og Fjordane er eit fylke med mindre press på areala, og der behovet for næringsutvikling og arbeidsplassar er viktig, skriv miljøvernministeren i eit svarbrev.

Avventande

Varaordførar i Askvoll, Frida Melvær (H), har i følgje Firda avventande glede.

- Førebels er det vanskeleg å vite korleis lova vil bli praktisert i kvardagen, seier ho.