Hopp til innhold

Mange elevar let vere å dusje i ein av fylket sine største idrettshallar

Elevar ved Førde Ungdomsskule kvir seg for å dusje etter gym- og svømmeundervisning i Førdehuset. Fritt innsyn og ulåste dører gjer at elevane rett og slett lét vere å dusje.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Dusj- og garderobeforholda i Førdehuset er så dårlege at elevane ikkje vil dusje der.

– Dusjforholda i Førdehuset er så dårlege at elevar ikkje vil dusje, seier Per Vassbotn i Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Førde Ungdomsskule.

Per Vassbotn

OPPGITT: Per Vassbotn og dei andre i FAU ved Førde Ungdomsskule oppmodar om at garderobeforholda i Førdehuset vert utbetra.

Foto: Tale Hauso / NRK

I november 2011 sendte Samarbeidsutvalet (SU) ved Førde Ungdomsskule brev til Førde kommune om tilhøva ved Førdehuset sine garderobar. Det var påpeika ulike manglar, og SU hadde framlegg til utbetring.

FAU ved Førde Ungdomsskule har på nytt sendt eit brev til Førde kommune som peikar på at ingenting er skjedd, i tillegg til at dei oppmodar om at garderobeforholda i Førdehuset vert utbetra.

Fritt innsyn til dusjane

Det eine problemet er at folk i gangen utanfor garderobane kan sjå rett inn i dusjane når døra er open. I tillegg er dusjane plassert i store rom utan nokon form for skjerming.

Garderobe

SKILJEVEGGAR: FAU ønskjer at kommunen skal setje opp skiljeveggar slik at fleire tør å dusje.

Foto: Tale Hauso / NRK

«Ikkje berre er det ubehageleg, men det krenkjer einskildmenneskje, og det er forståeleg at ungar/ungdom ikkje nyttar dusjane» skriv FAU i brevet sitt til Førde kommune.

– Om ein skal inn i idrettshallen må ein gå gjennom garderoben og har då i stor grad fritt innsyn til dusjane. Mange let difor vere å dusje, seier Vassbotn.

– Ikkje noko kjekt

Maia Dale

IKKJE NOKO KJEKT: Vi dusjar ikkje så ofte her, seier Maia Dale.

Foto: Tale Hauso / NRK

Maia Dale (15 år) er elev ved Førde Ungdomsskule. Klassen hennar har kvar gymtime i Førdehuset, men likevel er det nesten ingen som dusjar der. Ho meiner at grunnen til at elevane ikkje dusjar der er at det er ingen skiljeveggar og for opent. Ein kan sjå delar av dusjen når ein kjem rett inn frå ytterdøra.


– Det er ikkje kjekt om nokon plutseleg kjem inn, til dømes gutar. Plutseleg er det nokon som opnar døra og spring sin veg medan vi dusjar og kler på oss. Det er litt ekkelt for vi trur dei kjem inn.

Elias

DÅRLEGE GARDEROBAR: Elias Borlaug Eide synest garderobane i Førdehuset er for dårlege.

Foto: Tale Hauso / NRK

Elias Borlaug Eide (15 år) er og elev ved Førde Ungdomsskule. Han synest garderobane i Førdehuset er skikkeleg dårelege.

– Eg har hatt gym i Førdehuset både på barneskulen og ungdomsskulen, og i alle dei åra er det ingen som dusjar her.

Skiljeveggar

At elevane ikkje dusjar vert oppfatta som uhygienisk av foreldra som er bekymra over utviklinga. FAU ønskjer igjen at kommunen skal setje opp skiljeveggar slik at fleire tør å dusje.

Skiljeveggar i dusjane, låste dører og oppgraderte garderobar ønskjer også elevane Dale og Eide seg. Dei meiner det ville gjort det meir komfortabelt for elevane.

Då FAU sendte inn brev til Førde kommune i 2011 om å få opp skiljeveggar, meinte kommunen at det ikkje var plass til skiljeveggar slik dusjane er plassert no. FAU kan ikkje forstå dette, og meiner at ein tynn skiljevegg ikkje kan byggje ut så mykje.

– Må vere solide

Kommunalsjef Trond Ueland i Førde Kommune seier at når dei får brevet frå FAU ved Førde Ungdomsskule skal dei sjølvsagt setje seg ned med dei og diskutere saka på nytt.

Trond Ueland

KOMPLISERT: Ein kan ikkje berre setje opp nokre enkle veggar, elles vert dei lett øydelagde, seier Trond Ueland.

Foto: Alf Vidar Snæland


Likevel meiner han at det er meir komplisert enn det FAU skal ha det til.

Om ein skal byggje skiljeveggar så må det vere solide greier. Ein kan ikkje berre setje opp nokre enkle veggar, elles vert dei lett øydelagde. I Førdehuset har dei vore plaga av hærverk og ting må difor vere solide nok. For det andre vert dette også veldig kostbart.


Ueland meiner at det kan vere andre faktorar som også spelar inn i denne saka. Han ønskjer at Førde Ungdomsskule kan sjå på andre grunnar for kvifor desse elevane ikkje dusjar, og at lærarane vert flinkare til å kontrollere kva som skjer i garderobane.

– At elevane skal kunne låse døra innanfrå er heller ikkje ei god løysing, for då kan ein ikkje kontrollere kva som skjer, seier Ueland.

Ueland meiner at Førdehuset er eit stort hus som veldig mange personar bruker og i det store biletet fungerer det svært bra der.

Oppbevaring

FAU ønskjer også å få låsbare skåp. I dag tek elevane med seg klede og ting av verdi inn i hallen eller leverer det til lærarane, då dei ikkje har nokon plass til å låse inn tinga.

Verdisaker må vi ta med oss, elles vert dei stelt. Dette har skjedd ofte på Førdehuset og spesielt mobiltelefonar har forsvunne, seier Dale.

«Å ta med seg dyre klede og sko inn i hallen er både uhygienisk og medfører meir grus og sand frå sko og fukt frå yttertøy» meiner FAU.

Førdehuset

INNSYN: Nokre garderobar har fritt innsyn til dusjane frå gangen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Førde Kommune har sett på moglegheitene for oppbevaring i garderobane, men har endå ikkje funne ei god nok løysing, seier Ueland.

Brev til Utdanningsdirektoratet

FAU ved Førde Ungdomsskule har også sendt brev til Utdanningsdirektoratet. Her sender dei eit framlegg om tillegg til lærarplanen i kroppsøving for ungdomssteget (8.-10.-årssteg).

Framlegget til nytt kompetansekrav:

«Elevane skal kunne: Forklare kva personleg hygiene har å seie for eiga og andre si helse og trivsel og vise dette i praktisk handling ved å dusje etter kroppsøvingstimar og nytte reint treningstøy».