Hopp til innhold

Har funne sakna 16-åring

Sakna 16-år gamal jente i Førde funnen i 2250-tida. Ho vert sjekka av helsepersonell.

Helikopteret flyg over Jølstra på leiting etter 16-åringen som er sakna frå ein institusjon i Førde.

HELIKOPTER: Helikopteret leita i fleire timar etter langs Jølstra etter 16-åringen som var sakna. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Klokka 2235 kunne politiet melde om at 16-åringen som var sakna sidan klokka 19 var funnen og undersøkt av helsepersonell.

– Ho melde seg sjølv for dei tilsette på institusjonen. 16-åringen vart frakta til legevakta for undersøking, opplyser Wenke Hope, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det er ikkje første gongen jenta rømmer frå institusjonen.

Signalement av jenta

Det var i 20-tida at politiet og alarmsentralen sette i gang leiteaksjonen ved Førde sentralsjukehus. Og det vart leita etter jenta både i og langs elva Jølstra.

Politiet gjekk tidleg ut med signalement av kleda jenta hadde på seg, men undervegs i leiteaksjonen vart det klart at jenta kunne ha andre klede på seg, og at ho snakka karmøy-dialekt.

Politiet brukar dykkarar og helikopter i leitinga etter ei 16 år gamal jente i Førde.

DYKKARAR: Politiet set dykkarmannskap inn i leitinga etter 16-åringen. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Klokka 20:06: opplyser politiet på Twitter at dei leitar etter ei 16 år gamal jente som er sakna frå ein institusjon. Kvinna har på seg ein blå hettegenser og grå bomullsbukse.

Laster Twitter-innhold

Dette signalementet vart etter nokre timar oppdatert til at ho kunne ha på seg parkas og brune sko. Og at jenta snakka karmøy-dialekt.

Leita i og langs elva

– Jenta vart meldt sakna klokka 19:15 og hadde då vore vekke i om lag 10 minutt seier Wenke Hope, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Leiteaksjon i Førde

LEITEAKSJON: 16 år gamal jente sakna i Førde

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannskap frå politi, Røde Kors og Luftambulansen deltek i leitinga.

– Det blir no leita i og ved elva frå Sentralsjukehuset og nedover mot sentrum.

– Veit ein noko om kvar jenta kan ha tatt vegen?

– Nei, men vi reknar med ho er i området det blir leita i.

Det blir leita etter ei ung jente på 16 år i Førde.

LEITAR: Politiet leitar etter ei ung jente på 16 år med helikopter over Jølstra. Foto/Redigering: Heidi Lise Bakke

Klokka 2215 opplyser politiet at leitinga vil halde fram så lenge det er behov og at det vil bli sett inn ekstra mannskap viss det viser seg å vere behov for det.

Det er uklart kor mange som har delteke i leiteaksjonen. Både mannskap frå Luftambulansen, Røde Kors og Politi har delteke i leiteaksjonen. I 2245-tida måndag kveld var alle samla til debrifing.

Førde sentralsjukehus