Hjelpekorpset i Luster fann mannen på stien, like sør for Illvatnet.
– Luftambulansen, som var med i søket etter mannen, skal frakte mannen ut frå området, seier Operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.
Ein fottur på ni-ti timar
Mannen forlét Sota sæter ca. klokka 08.00 i går, og skulle etter ein fottur på ni til ti timar og 29 kilometer ha kome fram til Nørdstedalseter.
– Mannen skal ha blitt observert ved Illvatnet rundt klokka 14.30, og skal ha haldt fram turen mot Nørdstedalseter, fortalde Rimmen, klokka 05.00
Luftambulanse vart sett inn i søket
Politiet hadde ingen indikasjonar på at mannen var skadd, men turen hadde tatt vesentleg lenger tid enn den skulle.
– Vi må finne ut om han har det bra, og om han treng hjelp, sa Rimmen, klokka 05.00.
– Dei opplysningane vi har er at denne karen ser ut til å vere fjellvand, sa han.
Politiet opplyste at dei hadde vore i kontakt med hovudredningssentralen og kalla ut hjelpekorpset i Luster, som var på plass ved Nørdstedalseter rundt klokka 04.00. Dei starta då turen innover mot Illvatnet.
– Hovudredningssentralen vil forsøke å få ein luftambulanse til å fly frå Sota sæter til Nørdstedalseter, fortalde Rimmen tidlegare i dag.
Godt vêr i området
I går når mannen la ut på tur var det gode temperaturar i området. No i morgontimane fortel politiet at det er ti grader, klart og vindstille.
Politiet har fått opplyst at det skal vere ein godt merka sti.
– Det er høgt til fjells og det skal vere greitt å gå. Men det er jo ein lang fottur, sa Rimmen klokka 05.00.