Malakoff Rockfestival og NRK Sogn og Fjordane samarbeider om NRK Sommarlutt i sentrum av Nordfjordeid. Konserten vert direktesendt på radio og nett-tv, og hadde i fjor rundt 1000 publikumarar. I år vert store deler av speletida sett av til nye ferske artistar frå Sogn og Fjordane.
Ønskjer å gi scene til nye talent
- I år var det ingen band frå Sogn og Fjordane på det store bransjetreffet Bylarm i Oslo. Det var skuffande. Eg håper det var tilfeldig, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff.
Han meiner det er viktig at artistar frå Sogn og Fjordane viser seg fram så mange stader som mogleg. Difor leitar han saman med NRK no etter nye musikalske talent frå fylket for å gi dei speletid under festivalen i sommar.
Dei beste får spele på NRK Sommarlutt
- Vi ønskjer at så mange som mogleg melder seg på. Her leitar vi etter store band, små band og enkeltartistar. Vi set ikkje noko grense på kva type musikk ein kan spele, men vi oppmodar spesielt unge til å melde seg på, seier Stian Sjursen Takle som er prosjektleiar i NRK Sogn og Fjordane.
Både ein fagjury og publikumstemmer blir avgjerande for kven som får spele på NRK Sommarlutt under Malakoff Rockfestival fredag 19. juli. I 2012 var det omag 1000 publikummarar på denne konserten i sentrum av Nordfjordeid.
Stipend og overraskingar
Konserten er også ein del av Sogn og Fjordane sitt 250-årsjubileum. Som ein del av denne markeringa vil også nokre av dei ferske talenta bli tildelt stipend, og det kan kome fleire flotte overraskingar til dei som deltek. Fleire kjende musikarar frå Sogn og Fjordane vil også stå på denne scena, men desse vert annonsert seinare.
Sender lydfil for å melde seg på
- Har du ambisjonar om å få musikken din ut til folket, og spele på større scener rundt om i landet, så er dette din sjanse, seier Arnt-Ivar Naustdal. Alt ein treng å gjere for å melde seg på er å sende ei lydfil med ei låt som viser kven ein er. Kvaliteten på lydfila er ikkje så viktig, det er innhaldet i sangen som vert vurdert. Det er difor ikkje behov for ei profesjonell lydfil for å sende inn eit forslag. Men det er viktig at ein berre sender ei lydfil, og legg ved eventuelt link til meir om ein har det.
For å melde seg på sender ein demo til arntivar@malakoff.no eller til postadressa Malakoff Rockfestival, Postboks 170, 6770 Nordfjordeid. Siste frist for innsending er fredag 26. april.
- LES OG:
- LES OG:
- LES OG: