Hopp til innhold

Leitar etter 75-åring i fjellet

Skodde førte at Sea King-helikopteret måtte innstille søket, men store mannskapsstyrkar leitar no på bakken etter at ein mann vart meld sakna i Fjærland i føremiddag.

Leiteaksjon i Fjærland

GJEKK HER: Opp denne stølsvegen gjekk den sakna på veg til fjells tysdag.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Leiteaksjon i Fjærland

Leitemannskap klare til innsats.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK
Leiteaksjon i Fjærland

Politi og Røde Kors har oppretta base på Distad ved Fjærlandsfjorden.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

– Det er snakk om ein 75 år gammal utanlandsk statsborger. Han forlet eit utleigehus på Distad i Fjærland tysdag og skulle då på fjelltur, opplyser operasjonsleiar Hans Petter Harlem ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.

Eit redningshelikopter starta litt før klokka 13 søk i området ved Distadstølen.

– Men grunna stadig dårlegare vêr måtte ein avbryte helikoptersøket etter berre 15 minutt, opplyser Harlem klokka 13.07.

Søket held fram på bakken, og over 30 personar frå politiet, Røde Kors, frivillege og tre hundepadeltek i leitinga.

Førebur seg på langvarig leiting

Fleire personar vil slutte seg til leiteaksjonen no i ettermiddag. Politiet fortel at dei bur seg på leiting ut over kvelden og natta. Veret har hindra helikopteret å delta i aksjonen. Dei håpar no at skodda vil eltte og gjere søket meir effektivt.

– Mannskap er no ute i terrenget, men det er førebels ikkje gjort funn, seier Harlem.

Den sakna har hatt tilhald på Distad i over 30 år, og er godt kjend i området. Men han har alltid komme i hus til avtalt tid.

Det er ikkje mange hytter i området, kor mannen eventuelt kunne søkt ly.

– Han var forventa å komme ned att i går, men det gjorde han ikkje og det vart meldt til politiet i føremiddag, seier Harlem.

Har vore ute i eit døgn

Han har turtøy på seg og vi veit at han har lue, men han har ikkje noko ryggsekk med med tørt tøy. Han har vore ute i over eit døgn no, og vi veit at det er regn og regnbyger, og det er heller ikkje meir enn 8,5 grader nede i Fjærland. Vi prøver å finne han så fort som mogleg, seier Harlem.

Det er eit bratt fjellterreng frå null meter og opp i over 1000 meter over havet. Så det er eit bratt og utfordrande terreng.

Søket blir konsentrert med utgangspunkt i vestsida av Distadstølen.

Det er sendt ut folk for å sjå om den sakna har skrive seg inn i gjesteboka på Distadstølen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.