Hopp til innhold

Lege tiltalt for aktlaust bildrap

Ein dansk lege i 40-åra er tiltalt for aktlaust drap etter dødsulukka i Vågsøy i påska i fjor.

Trafikkulukke ved Bryggja.

DØDSULUKKE: Den danske legen vart sjølv alvorleg skadd i ulukka, medan ein passasjer som sat på med den omkomne kvinna kom frå det utan fysiske skader.

Foto: Øystein Torheim

Legen var på veg heim frå nattevakt på Nordfjordeid då han påverka av medikament og i høg fart kom over i feil køyrebane og krasja med ein møtande bil.

Ei 49 år gamal seksbornsmor frå Polen omkom i ulukka. Statsadvokaten har no teke ut tiltale mot mannen for brot på Straffelova § 239, første straffealternativ – aktlaust bildrap.

– Han har det tøft og tek det tungt. Dette har vore ei enorm belasting, seier den tiltalte sin forsvarar, advokat Paul Inge Angelshaug til Fjordenes Tidende.

125–145 km/t

Paul Inge Angelshaug

FORSVARAR: Paul Inge Angelshaug er forsvarar for den sikta legen frå Danmark.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Påtalemakta meiner bilen har hatt ein fart på mellom 125 og 145 kilometer i timen, men har i tiltalen avgrensa dette til «minimum 125 km/t».

Samstundes meiner Folkehelseinstituttet at mannen skal ha hatt ein påverknad tilsvarande over 0,5 promille. Legen vart sjølv alvorleg skadd i ulukka.

– Det er ei belastning å vere involvert i ei ulukke der han sjølv sit med store skader fysisk, så vel som psykisk. At det samstundes er ei ulukke fekk eit fatalt utfall er tungt, generelt, seier Angelshaug til NRK.no.

Tap av førarretten

Etter det NRK.no kjenner kjem saka truleg opp før sommarferien. Det er varsla påstand om erstatning til fornærma og/eller etterlatne og at den danske legen aldri meir får att førarretten.

– Korleis stiller din klient seg til straffeansvaret?

– Det er ikkje uventa at det kjem ein slik tiltale i ei slik sak. Samstundes er det på ingen måte lett. Utfordringa er at ein har svært avgrensa minne frå hendinga som gjer at saka i seg sjølv opplevast som dertil tyngre ettersom den er blitt belyst.

Vil gjere si plikt

I tillegg til aktlaust drap, er mannen tiltalt for både medikamentbruken og den grove fartsoverskridinga.

Angelshaug har ingen indikasjon på at mannen ikkje vil møte i når rettssaka startar.

– Det er klart at for alle er gjennomføringa, og rett og slett det å komme seg gjennom saka noko som kan vere til fordel for alle partar. Min klient er absolutt innstilt på å både gjennomføre og møte, og gjere sin plikt der, seier han til NRK.no.