Har Harmonien i si hule hand

Skuleelevar har Bergen Filharmoniske Orkester i si hule hand. No kan dei kontrollere dei nett som dei vil.

Skuleungdom kontrollerer Harmonien med eit tastetrykk

Edvard Målsnes (t.v.) og Henrik Sveen kontrollerer Harmonien med eit tastetrykk

Foto: Rebecca Nedregotten Strand / NRK

Internettprogrammet Griegweb gjev born og unge moglegheit til å dirigere og komponere klassisk musikk.

– Det er noko vi har drøymt om lenge, å få disponere eit skikkeleg orkester.

Det seier Yrjan Tangenes. Han er utviklingssjef i Grieg Music Education som saman med Grieg 07 har skapt Griegweb.

Programmet inneheld lydopptak med Bergen Filharmoniske Orkester som speler Edvard Grieg sin musikk.

– Dei fekk beskjed om å legge musikaliteten sin att i døra, seier Tangenes, og spele som robotar.

Kvar orkestergruppe har vore i lydstudio og spelt inn sine stemmer. Så er stemmene sett i saman til full orkesterversjon.

Det gjer at dei som bruker Griegweb kan kontrollere orkesteret som dei vil. Dei kan velge vekk og legge til stemmer etter eigen smak.

- Det e tidig 

Slik opplevest det for Edvard Målsnes å vere sjef for Harmonien. Saman med kameraten Henrik Sveen testa han ut Griegweb i går.

Dei to 10. klassingane trur programmet kan vere ei styrke for musikkundervisinga i skulen.

– Dersom vi skulle hatt noko om korleis eit orkester fungerer kunne det vore veldig nyttig, seier dei.

Sveen speler fiolin og ser for seg at programmet kan kome til nytte dersom han sjølv skal spele nokre av komposisjonane som ligg inne der.

– Viss ein speler i eit orkester kan ein gå inn og klikke på den stemma ein sjølv har, slik at ein høyrer berre den.

For direktør Ragna Sofie Grung Moe har det vore ein draum å gjere Grieg 07 sine sider interaktive. Ho trur det vil inspirere unge til å bli meir glade i klassisk musikk.

– Andre musikksjangrar har jo jobba med dette før, seier ho, no får ein også jobbe med eit ekte filharmonisk orkester på denne måten.

Griegweb blir no også ein del av Music Delta, som er Grieg Music Education sin interaktive læringsressurs. Etter haustferien skal alle skular i Bergen få tilgong til denne ressursen slik at dei kan skape musikk i alle sjangrar.