Hopp til innhold

Lanserer tidenes lag frå fylket

Frode Grodås har utfordra Davy Wathne til å setje opp tidenes fotball-lag frå Sogn og Fjordane. Her er resultatet...

Davy Wathne

TOK UT LAGET: Davy Wathne i TV2 har teke ut det han meiner er tidenes beste lag frå Sogn og Fjordane.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Det var i samband med landslagets førebuingar til EM-kvaliken mot Island at Grodås tok opp tråden med TV2-profilen, skriv VG torsdag.

Grodås stod sjølv i det norske målet under VM i 1998, og skal ikkje ha likt at Wathne først sette opp Sogndals cupfinalekeeper frå 1976, Leon Hovland, på laget.

Han kom likevel til slutt med i lagoppstillinga (3-4-3):

  • Frode Grodås
  • Asle Hillestad
  • Børre Steenslid
  • Gunnar Sigmar Håre
  • Isak Arne Refvik
  • Eirik Bakke
  • Svein Bakke
  • Lasse Opseth
  • Håvard Flo
  • Tore André Flo
  • Jostein Flo

PS: Sogn og Fjordane har ingen aktive spelarar med i den norske troppen, som fredag møter Island på bortebane.