Hopp til innhold

Langvin har fått ny eigar

Den tidlegare landbruksskulegarden Langvin i Innvik har fått ny eigar. Fire og eit halvt år etter at fylkeskommunen la den ut for sal.

Langvin

Langvin slik det står i dag.

Foto: Ottar Starheim/NRK / NRK

Gjennom sitt eige investeringsselskap, Taraldset Holding, har Tor Taraldset kjøpt gamle Langvin jordbruksskule i Innvik .

- Vi har ikkje låst oss fast til nokok, men vi skal gå hardt ut i fylket og i store byar som Bergen og Oslo for å skaffe aktivitetar, seier 45-åringen med slektsrøter i den gamle jordbruksbygda til avisa Fjordingen .

Blir skule igjen?

Skulen vart lagt ned som jordbruksskule i 1995. No går Taraldset i full gang med omfattande oppgradering, og ny aktivitet. Sjølv vil han ikkje ha eigarskap til aktivitetar.

- Fram i tid skal eg hjelpe til å få fram aktivitetar, gjerne med eit skule- eller institusjonspreg. Vi er hundre prosent opne, men aktuelle verksemder må både vere seriøse og langsiktige, seier han og fortel at flyktningemottak ikkje er ei slik langsiktig satsing.