Hopp til innhold

Lange køer hjå kjeveortopeden

Det er lange ventelister for born som treng behandling hjå kjeveortoped her i fylket. Dei to kjeveortopedane som jobbar full tid har lange ventelister.

Illustrasjonsbilde
Foto: Rainer Prang / Norsk Tannvern

- Det er frustrerande, seier kjeveortoped Arne Løvik. Han er ein av to kjeveortopedar som ynskjer å trappe ned. Men det kan verte vanskeleg, for det er ikkje andre kjeveortopedar i fylket.

Må vente eit år

Born som til dømes ventar på tannregulering må vente opptil eit år for time hjå kjeveortopeden. Og ventetida kan verte endå lenger når to av kjeveortopedane nærmar seg pensjonsalder.

- Ventetida kjem til å auke, om eg trappar ned så mykje som eg har tenkt.

Må reise frå Sogndal til Bergen

Også i Sogndal er frustrasjonen stor over at det er så få kjeveortopedar i fylket. Tannlege Elisabeth Skrede fortel om lang reiseveg for dei unge pasientane.

- Vi har ikkje kjeveortoped i Sogndal, så vi må vise pasientane til Bergen. Foreldra tykkjer det er kjedeleg å måtte reise så langt så ofte. Nokre må inn annankvar månad, sjølv om behandlinga ofte berre tek ti minutt.

Ser dystert ut

Gjennom dei siste åra har det vore arbeidd for å få fleire kjeveortopedar. Problemet er at det tek lang tid å utdanne ein kjeveortoped. Kravet er at vedkommande må ha arbeidd som tannlege i to år, og etter det tek spesialiseringa tre år. Ein av tannlegane i fylket skal vere interessert i å utdanne seg vidare, men det er slett ikkje sikkert at vedkommande kjem inn på utdanninga som årleg berre tek opp 6 studentar. Dermed kan det sjå dystert ut for born i fylket som treng behandling hos kjeveortoped, meiner Løvik.

- Om det ikkje løyse seg med ein ny kjeveortoped vert det eit stort problem.