Hopp til innhold

Lange køar for å smake gamalost

24 kilo gamalost måtte til for å mette 2000 svoltne vikjer pinseaftan.

Den tradisjonsrike Gamalostfestivalen går nemleg av stabelen i pinsehelga. Vik er den einaste staden i verda det blir laga gamalost og har ein lang tradisjon i bygda.

Kokk Steinar Lindstrøm frå Kokkenes Meisterlaug i Sogn og Fjordane stilte opp for 13. gong. Også mange av dei 2800 innbyggjarane i bygda møtte fram.

– Det var lange køar med snille og blide folk. Det gjekk med 24 kilo ost, og det er mykje, fortel han.

Nøgd sjef

Sjef for festivalen, Erling Stadheim, er også godt nøgd. Helga har vore fullspekka med aktivitetar. Det starta fredag med konsertar og held fram laurdag med frukost ved kommunehuset.

– Dette har gått strålande, eg trur ikkje eg har sett meir folk her. Det har vore fint ver og vi kan ikkje få det betre, seier Stadheim.

Elskar gamalost

Gamalostfestivalen i Vik

24 KILO: Det gjekk med mykje gamalost i Vik. For mange er dette ei delikatesse.

Foto: Terje Målsnes

Sjølv elskar han gamalost og seier at det beste er skive med meierismør og eit tjukt lag med gamalost.

– Det smakar nydeleg. Det skal ikkje vere sirup eller noko anna til, seier han.

– Trur du alle smakte på gamalosten i går?

–Ja, eg trur dei fleste åt, men kanskje var det nokon som prøvde for første gong. Alle burde iallefall prøve, seier Stadheim.

Viktig å halde på tradisjonen

Stadheim seier det er viktig å halde på tradisjonen og seier dugnadsviljen er stor.

– Målet med festivalen er å fokusere på gamalost og kultur, både musikk og idrett.

Laurdag kveld var det dans og diskotek. Festivalen blir avslutta 2. pinsedag med Vikjastafetten.