Hopp til innhold

Redda av nye lunger, hjarte og lever

Trass i at fleire og fleire seier seg positive til organdonasjon, er ventelista i Noreg lang. Troels Mathisen fekk hjelp.

Troels Mathisen

Troels Mathisen er 31 år gamal. Frå han var born har han visst at han ikkje ville bli eldre enn 25 år utan hjelp frå andre.

Foto: Privat

Over 250 sjuke nordmenn ventar i dag på friske organ. Sjølv om 8 av 10 seier dei er positive til organdonasjon, er ventelista i Noreg lang for dei som treng nye organ for å bli friske.

Les òg: - Sønnen min ga liv til andre

- Kvar dag handla om å klare å puste

Troels Mathisen er 31 år gamal. Frå han var born har han visst at han ikkje ville bli eldre enn 25 år utan hjelp frå andre. Mathisen har fått eit nytt liv etter at han fekk transplantert inn nye lunger, nytt hjarte og ny lever.

- For meg handla kvar dag om å kunne puste, få slimet ut av lungene og klare å leve til neste dag, seier han.

Høyr heile saka:

- Folk må bli flinkare å snakke om det

- Berre ein av fire har snakka om organdonasjon. Viss ein skulle komme opp i det, så er det veldig viktig å ha snakka om det. Det er òg veldig viktig at ein ikkje seier nei berre for å vere heilt sikker, seier donoransvarlig i Helse-Bergen Gunhild Holmaas.

Jobbar for at fleire skal bli donorar

Troels Mathisen reiser i dag landet rundt for å informere folk om organdonasjon, og håpar fleire vil ta stilling til om dei kan og vil verte donorar.