Hopp til innhold

– Delt smerte er halvert smerte

HAUGLAND (NRK): Ungdomar frå heile landet brukar sommarferien på å lære meir om mental helse.

Røde Kors Ungdom

ENGASJERT: Ungdomar frå heile landet er denne veka på Røde Kors Ungdom sin landsleir på Haugland. Det er første gong det vert arrangert i Sogn og Fjordane. (f.v.) Denice Van Djiken, Micaela Angell, Olaug Søvdeberg og Edom Simon.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Alle har ei psykisk helse, og uansett om ein har det bra eller dårleg, så er det viktig at ein veit meir om dette, seier Micaela Angell.

Ho er ei av mange som deltar på landsleiren til Røde Kors Ungdom denne veka.

Det er første gong at landsleiren vert arrangert i Sogn og Fjordane, og unge Røde Korsarar frå heile landet er på Haugland for å blant anna lære meir om mental helse.

Gode reiskap til vidare bruk

I tillegg til føredrag om mental helse, har deltakarane også jobba i "workshops" knytt til temaet.

Denice Van Djiken seier ho har fått gode idear frå desse arbeidsverkstadane, som ho tenkjer det lokale Røde Kors-laget ho er med i vil få god nytte av.

Røde Kors Ungdom på Haugland

WORKSHOP: Her utviklar ungdomane idear som kan nyttast i dei lokale Røde Kors laga. (f.v.) Denice Van Djiken, Micaela Angell og Olaug Søvdeberg.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg tenkjer at det vi har lært under arbeidsverkstaden kan førast vidare til dei lokale laga. Då kan ein få utført viktig arbeid i lokalsamfunna også.

Robert Flobergseter, leiar for Røde Kors Ungdom, trur også at dette vil gje mykje tilbake, både til dei lokale laga og til lokalsamfunnet.

– Dei får ein ny inspirasjon og motivasjon, noko som gjerne kan gjere arbeidet lokalt meir betydningsfullt.

Han seier at mental helse er eit tema som vekkjer stor interesse blant dei unge, noko som er viktig ut ifrå dagens situasjon.

Robert Flobergseter - leiar i Røde Kors

MAGISK: Leiar i Røde Kors Ungdom, Robert Flobergseter, seier det magisk å vere i Sogn og Fjordane på landsleir. – Deltakarane storkosa seg her.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Vi ser blant anna på tal frå Ungdata.no, som syner at norsk ungdom ikkje har det så bra som dei tidlegare hadde. Det gjer at behovet for oss (Røde Kors) er mykje større. Då er det viktig at vi kan meir om dette temaet, seier han.

Større fokus på psykisk helse

Dag Inge Nordhaug heldt i dag føredrag om psykisk helse. Han er klinisk sosionom ved Regionalt ressurssenter om vald, traumatiske stress og sjøvmordsførebygging.

Røde Kors har auka fokuset på psykiske helse, og regjeringa har også uttalt at barn og unge skal få livsmeistring på timeplanen. Nordhaug tenkjer dette er viktig, i ei tid der fleire unge har problem knytt til psykisk helse.

Inge Nordhaug - ved landsleiren til Røde Kors Ungdom

PÅ DAGSORDEN: Inge Nordhaug seier det er bra at psykisk helse har komen meir på dagsorden.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Eg trur vi lev i ei ganske avansert verd med høge forventningar til ein. Noko som kan skape mange tankar og kjensler, som igjen pregar både åtferd og kropp.

Han meiner det difor er viktig at unge lærer meir om samanhengane mellom kropp og sinn, og vert meir bevisst over eiga psykisk helse. Slik kan ein betre hjelpe seg sjølv og andre gjennom tøffe tider.

– Delt smerte, som mange seier, er halvert smerte, avsluttar Nordhaug.