Det var ein opplagt ordførar som tysdag morgon let seg intervjua ved foten av Christian Michelsen-statuen på Festplassen i Bergen.
For i skuggen av ein bergensk statsminister, uttrykte Høgre-ordføraren stor glede over ein ny.
– Dette tyder mykje! Ein skal jo ikkje ha urealistiske forventningar, men det har vi jo likevel no. Det går nok over, men vi trur absolutt på meir fokus på Vestlandet og Bergen i mykje større grad enn dei siste åra.
Sjølv om ho ikkje vil spekulera i moglege statsrådpostar, er Drevland viss på at Erna Solberg vil ta hand om Hordaland sine interesser.
– Eg veit at ho kjenner Bergen, ho kjenner Vestlandet. Ho veit kva vi treng, så eg trur alle her i fylket har grunn til å gle seg i dag.
– Får sjå kva ho presterer
For fjerde gong i historia, og for fyrste gong på 80 år, blir det altså ein statsminister frå Vestlandets hovudstad. Men bergensarane NRK.no møtte på gata tysdag morgon tok det stort sett med ro.
Sigrid Larsson røysta ikkje på valets blå vinnar, men var likevel glad for at vår neste statsminister truleg blir ein Vestlending.
–Eg er vel sånn 40–50 prosent glad i dag. Eg hadde håpa på eit anna resultat.
– Men uansett resultat, kva tenkjer du om at det blir ein bergensar ved roret?
– Eg har merka meg at det blir fleire bergensarar og Vestlendingar i rikspolitikken, og det synest eg er kjekt. At heile Noreg, ikkje berre Oslo, er representert. Og sjølvsagt, det er stas med statsminister til Bergen, sjølv om eg helst såg at det blei eit anna valresultat.
– Du er skeptisk, kvifor det?
– Eg vil sjå kva ho presterer. Eg har tru på ho som person, men politikken og samarbeidet ho skal få til med desse røvarane ho har fått med seg. Nei, vi får sjå!
Vemodig å mista Monica Mæland
Sjølv om det først og fremst var ein gledestrålande ordførar i Bergen som uttalte seg til NRK.no, uttrykte Trude Drevland òg litt vemod over å mista gode kollegaer til Oslo og regjeringskvartalet.
– Vi har så mange unge, gode, politiske talent at eg er sikker på at dei vil bli plukka frå oss og levert over til Oslo. Eg håpar inderleg vi blir tappa for gode folk, for å sei det slik, for vi har så mange bra folk at eg er viss på at det finst dei som kan overta.
Så legg ho til at dagens einaste skår i gleda trass alt er eit aldri så lite "gledesskår."
– Eg er litt lei meg for at Monica kanskje reiser, det er det einaste eg tenker på i dag!
Nektar å gi gode råd
Sjølv avviser Drevland på det aller sterkaste at ho sjølv drøymer eller har drøymt om ein statsrådpost i ei ny, blå koalisjonsregjering.
– Eg kunne slett ikkje tenkt meg å gå inn i regjering, for meg er det totalt uaktuelt å dra frå Bergen, punktum!
Og gode råd til partifellen som snart går i gang med å få den krevjande regjeringskabalen til å gå opp, vil ho heller ikkje gi.
– Det har eg lova meg sjølv at eg berre skal gi dersom Erna spør. Men det fortel eg iallfall ikkje til deg!