Hopp til innhold

Kvar reisande med Sognebåten kostar fylkeskommunen 171 kroner

Fylkeskommunen spyttar inn 171 kroner i kvar einaste passasjerbillett for dei reisande med Sognebåten.

Fjordprins

PASSASJERTAL: Sognebåten har nesten tre gongar så lave passasjertal som Nordfjordbåten. Likevel får den nesten tre gongar så mykje i støtte frå fylkeskommunen.

Foto: Ole Daviknes Knutsen

Medan Nordfjordbåten har gode passasjertal kan ikkje det same seiast om Sognebåten. Det gjer at fleire no meiner at Sognebåten har gjort sitt.

12 millionar i støtte

Når det i tillegg går bussruter frå Sogn til Bergen som brukar den same tida som båtane gjer, blir konkurransen om passasjerane i Sogn hardare.

Sognebåten har berre 70.000 reisande i året og får likevel 12 millionar kroner i støtte, noko som utgjer 171 kroner for kvar einaste reisande.

Nordfjordbåten derimot har nesten 200.000 reisande i året, men får berre 4,5 millionar i støtte. Det syner tal frå fylkeskommunen.

Må finne eit alternativ

No reagerer Asgeir Solheim i Vågsøy Senterparti. Bilete som teiknar seg av Sognebåten må bety at båten bør takast vekk, meiner Solheim.

– Vi kan ikkje fortsette å ha Sognebåten i drift på den måten vi har i dag. Summen er alt for høg og vi kan ikkje halde fram med å subsidiere sånn som dette, for inntektene til fylkeskommunen går jo også ned, seier Solheim.

Han meiner likevel at ein må finne eit alternativ til midtre del av Sogn.

– Vi kan jo ikkje kutte vegen som dei må bruke, seier Solheim.

Usemje om båten

Sjølv om fylkeskommunen faktisk gir langt meir i tilskot til Sognebåten samanlikna med Nordfjordbåten, er folk på kaia i Florø svært ueinige om Sognebåten skal forsvinne eller ikkje.

Medan nokre meiner at fleire bygder er avhengige av båten og at tilbodet bør haldast oppe finst det også dei som er imot.

– Når det ikkje er passasjerar og ein finn andre alternativ å reise med så synest eg den båten kan forsvinne, seier ein av dei reisande.

– Vi treng denne båten i regionen

Den siste kommentaren frå kaia i Florø er ikkje leiar i Samferdselsutvalet, Arnstein Menes, einig i. Han meiner ein har behov for Sognebåten slik den er i dag.

– Vi registrerer at Sognebåten har noko lågare passasjertal enn båten til Nordfjord, men likevel ser vi at vi treng denne båten i den regionen, seier Menes.

– Men ruta Bergen-Flåm-Bergen har jo suksess om sommaren. Kvifor treng ein då ein Sognebåt som går halvtom når ein har ein båt til Flåm som er ein suksess?

– Det er slik at når fylkeskommunen kjøper ruter både med buss og båt så er jo det for å ha eit rutetilbod heile året. Og denne båten frå Bergen til Sogn har stor betydning både for regional og lokal trafikk, forklarar Menes.

Menes meiner at det ikkje kan vere slik at ein berre satsar på reiselivet om sommaren. Skal ein utvide sesongen for reiselivet trengst det ein båt som går heile året, meiner Menes.

– Svir i hjarterøtene

For Sognebåt-entusiast, Henning Rivedal, er det ingen tvil om at samfunnet tapar om båten og ruta blir lagt ned.

– Det svir alltid i hjarterøtene når kulturinstitusjonar vert lagt ned. Dette er både ein trafikkmessig samferdsleinstitusjon og ein kulturinstitusjon, meiner Rivedal. .