Hopp til innhold

Håpet er gull: Ladar opp med Hellstrøm, hummar og heavy metal

Ørjan Johannessen er i gang med siste finpuss før kokke-VM. 900 norske supporterar er venta til Lyon.

Går for gull i Lyon

FOR FULL MUSIKK: Med høg heavy metall på høgtalarane gjer Ørjan Johannessen frå Austevoll seg klar for Bocuse d’Or i Lyon.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

Jubel under kokke-EM

EM-JUBEL: Saman med mellom andre Eyvind Hellstrøm jublar 27-åringen for EM-gullet i Belgia i 2012.

Foto: Impuls

NM-gullet og EM-gullet er allereie i boks. Tre dagar før den uoffisielle verdsmeisterskapen i kokkekunst i Lyon, køyrer Ørjan Johannessen (27) frå Austevoll gjennom VM-rettane for siste gong før alvoret startar.

Dei siste førebuingane før Bocuse d’Or skjer eit fabrikklokale i den gastronomiske hovudstaden i Frankrike. Alt vert gjort for å gjera førebuingane så realistiske som råd.

Kjendiskokken Eyvind Hellstrøm er ein av dei som no er i Lyon for å sjå til at førebuingane vart optimale for Johannessen.

Les òg: Austevolling europameister i kokkekunst

Heavy metal

– Me har den siste tida trent med høg musikk, rett og slett for å takla supporterstøyen, fortel Johannessen, som ventar om lag 900 nordmenn til Lyon når konkurransen startar onsdag.

Lydnivået er ei av dei store utfordringane 27-åringen må takla i finalen.

– Eg må kunna kommunisera med ho eg jobbar med på kjøkkenet, så me har høyrd på tung rock og metal for å vera sikre på at me greier å halda fokus når lydnivået vert høgt, seier Johannessen til NRK.no.

Stolte tradisjonar

Bent Stiansen

TOK GULL: Bent Stiansen.

Foto: Scanpix
Geir Skeie

TOK GULL: Geir Skeie.

Foto: LAURENT CIPRIANI / AP

Etter EM-gullet frå i fjor er austevollingen ein av favorittane i Lyon. Norske kokkar har gjort det sterkt i den prestisjefylte konkurransen.

Tidlegare har Bent Stiansen (1993), Terje Ness (1999), Charles Tjessem (2003) og Geir Skeie (2009) har vunne gull for Noreg. Topplasseringa er òg målet for Johannessen.

– Me har sjansen, og alt ligg til rette, eg trur ikkje me kunne ha førebudd os betre.

Sjå òg: Tok bronse i kokke-VM

Flyndre, hummar og okse

Flyndrefisken piggvar, hummar og indrefilet av okse er råvarene austevollingen skal imponera dommarane med. Det har 27-åringen visst i eit halvt år.

– Me fekk vita kva me skulla bruka i september, tida etter det har me brukt på å perfeksjonera rettane.

Det siste halvanna åre har austevollingen hatt base i Sandefjord. Saman med trenaren Odd Ivar Solvold har han terpa på detaljane mellom NM, EM og no Bocuse d’Or.

Heiar på Ørjan

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen er blant mange nordmenn som sitt på tribunen i Lyon på onsdag. Ho meiner det er viktig at dei norske kokkane hevdar seg internasjonalt.

– Om kort tid er eg og hundrevis av nordmenn på plass i Frankrike, som er ein av Norges viktigaste marknadar for eksport av sjømat, seier fiskeriministeren til NTB.

Statstråden frå Arbeidarpartiet meiner kjennskap til sjømat som råvare er eit norsk føremon.

– Ein av løyndommane er nok at dei har så gode kunnskapar
om råvarene, dei greier å få fram den ekte og reine smaken, seier
Berg-Hansen.

Ørjan Johannessen i gang i Brussel

FULL KONSENTRASJON: Ørjan Johannessen i aksjon under EM-konkurransen i Brussel i 2012.

Foto: Impuls

Les òg: Skeie er den beste kokken i verda

Godt humør

For å nå heilt til topps i Lyon må 27-åringen frå Austevoll slå 23 andre kokkar. Då er det viktig å ikkje la stresset ta ovehand.

– Me er godt førebudd, men det viktigaste er å halda humøret oppe, seier gullhåpet til NRK.no.