Hopp til innhold

Kvir seg til vinteren

Redningsmannskap ser ikkje lyst på at eit utanlandsk vogntog allereie i oktober har køyrt seg fast på fjellet.

fylkesveg 55 Strynefjellet

SNØEN GJEV PROBLEM: Snøefallet fører til at utanlandske vogntog ikkje klarar å halde seg på vegen. Her er Strynefjellet torsdag der snøen nådde 95 centimeter.

Foto: Vidar Gudvangen

– Vi kvir oss til denne perioden. Vi har nok problem på vegane som det er, seier Terje Dalen, driftsleiar i Mesta.

Eit kjempeproblem

For onsdag ettermiddag køyrde to utanlandske vogntog seg fast på fylkesveg 55 på Sognefjellet. Dei står der enno, fordi det er vanskeleg å få dei vekk.

– Det er eit kjempeproblem for oss faktisk. Dei er ikkje skodde for våre vintervegar, og det fører til store konsekvensar for mange. Det er ikkje bra, seier han.

Politiet har vore på staden og snakka med sjåførane, men språkvanskar gjer den jobben vanskeleg.

(artikkelen held fram under biletet)

Vogntog sperra E39

UTFOR: Slik ser det ofte ut på vegane om vinteren når vogntog utan skikkelege dekk kjem køyrande på vegane våre.

Foto: Steinar Lote / NRK

Utfordrande vegar

– Det er eit gjentakande problem for oss kvar einaste haust og vinter, og det startar i desse dagar med det første snøfallet, forklarer Dalen.

Han seier sjåførane heller ikkje er kjende med vegane i Norge, og at fjellovergangane vert ekstra utfordrande for dei.

– Dei har til dømes ikkje lasta skikkeleg. Det betyr at dei har plassert lasta i midten eller langt bak i traileren. Då er det ekstra vanskeleg å komme seg opp bratte bakkar med dårlege dekk.

Vegvesenet kan ikkje gjere noko

Nils Magne Slinde i Statens vegvesen seier dei ikkje kan gjere noko med dette problemet anna enn å informere politiet om vogntoga

– Dette er noko som sentrale vegmyndigheiter må gjere noko med om det skal endrast, seier Slinde.

Han seier vogntoga som køyrer seg fast i fjellet fører til ekstraarbeid for vegvesenet.

– Det gjev oss nok noko ekstra arbeid. Men verst er det for andre bilistar og politiet, seier han.

Kvir seg til sesongen

Dalen i Mesta meiner vegvesenet burde sjekke vogntoga på grensa inn til Norge for å unngå at det kjem vogntog med dårlege dekk og manglande utstyr.

– Vogntoget på Sognefjellet skapar jo problem for andre trafikantar. Det gjev alle ekstra arbeid. Vi kvir oss til denne tida av året, seier han.