Politiet opplyser klokka 12 at det blir jobba med ettersløkking på brannstaden. Huset har kollapsa og rasa i hop av brannskadane.
Kvinna, som budde åleine i huset, er sakna etter at politiet fekk melding om brannen i 08-tida i dag.
– Huset var overtent og er totalskadd. Det er ein person som bur i huset, og politiet har førebels ikkje kontroll på denne personen, seier operasjonsleiar hjå politiet, Inge Værøy.
Huset vart definert som overtent klokka 09.30, og sløkkjearbeidet var krevjande. Brannvesenet forsøkte på eit tidspunkt å ta seg inn i huset for å sjå om dei kunne finne kvinna som budde i huset, men måtte etter kort tid trekkje seg ut på grunn av den intense varmen og flammane.
– Det ser veldig alvorleg ut
For naboar og innbyggjarane i Fjaler var brannen intens og dramatisk. Pamela Baust bur rundt 300 meter frå brannstaden på Jarstad i Dale.
– Det brann veldig kraftig. Røyken låg tjukk over heile området, fortel Baust.
– Det såg veldig alvorleg ut, seier ho.
SAKNA: Ein person er sakna etter at eit hus brann ned på Jarstad i Dale i Fjaler i føremiddag.
Foto: NRK-tipsarPolitiet har førebels ingen opplysningar om årsaka til brannen.
PRØVDE: Brannvesenet jobba på spreng, men det var umogleg å stogge flammane.
Foto: FOTO: NRK-tipsar