Hopp til innhold

Kvinne gjekk seg vill i fjellet

Politiet sette igang leiteaksjon etter ei kvinne i Ramsdalsheia i Naustdal i ettermiddag.

Kvinna i 40-åra var på skitur mot Blånipa då ho gjekk seg vill fordi veret brått blei dårleg med skodde og tette snøver.

Ho ringde sjølv familien sin, som tok kontakt med politiet i 16:30-tida. Dei tilkalla Røde Kors i Førde og Naustdal som sende ut mannskap med fem snøskuterar.

Ho vart ikkje skadd og var kledd for å gå i fjellet. Etterkvart vart veret betre og ho kom seg ned igjen på eiga hand.