Hopp til innhold

Kven er vakrast i landet her?

Ordførarar sloss for bunaden sin.

Folkedans

Det er mange som vil ha den finaste bunaden.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

Ordførarane har kasta seg inn i kampen om å ha den finaste bunaden i landet.

Det er nettstaden MadeInNorwayNow som kårer det flottaste bunaden. Og det er mange å velge mellom. Det er over 100 bunader i Norge, og 17. mai er høgsesong for folkedrakta.

SJÅ: Linda Eide i Norsk attraksjon fortel kva du ikkje skal gjere med bunad på

– Representerer folkesjela

Kari Eskeland

Stordordføraren, her utan bunad.

Foto: NRK

Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland, har sjølv ein Sunnhordlandsbunad. Ho tek no i bruk Facebook for å få den opp og fram i konkurransen. Der oppfordrer ho folk til å ta fram mentometerknappen og stemme.

– Det er jo ein veldig fin bunad. Den representerer både kulturen og folksjela i Sunnhordland, seier ho.

LES ÒG: Halvparten av kvinnene i bunad

LES ÒG: Til kamp mot piratbunader

Ho seier det er andre bunader som har meir sølv og brokader, men at Sunnhordlandsbunaden er fin i sin enkelhet.

– Det var jo slik i gamle dagar at ein satte saman bunaden av det finaste ein hadde, og i Sunnhordland var det ull. Det var gjerne plassar med meir kontakt med utlandet som fekk mykje sølv og brokader. Og sånn sett representerer jo vår bunad noko veldig norsk, seier Eskeland.

Eskeland om bunad

Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland, nyttar Facebook for å fremje bunaden sin.

Foto: Skjermdump

Identitetsskapande

Ho meiner bunaden er ein viktig del av identiteten til ein stad og for folka som bur der.

– Då eg studerte i Trondheim var det veldig stas å ta fram bunaden. Då kunne eg samanlikne med andre og finne folk med lik som meg. Den er identitetsskapande på ein heilt anna måte enn noko anna, seier ho.

Stolt av kommunebunaden

Og ordføraren i Austevoll, Helge André Njåstad, har kasta seg inn i kampen.

– Ja, den er jo finast.

– Er det ein del av ordførarembedet å fremja bunaden?

– Ja, det er vel ein del av vår jobb som ordførarar å fremje alt godt med kommunen, seier han.

Njåstad hadde òg på seg bunad på nasjonaldagen, og er stolt av Austevollsbunaden.

– Me er jo ein av dei minste kommunane med eigen godkjend bunad. Det er eg veldig stolt av, seier han.

Bunaden vart godkjend for ein del år tilbake, og er relativt ny i bunadssamanheng.

– Eg er svært takksam for dei kvinnene som leita fram den gamle bunaden og fekk gjort den offisiell, seier Njåstad.

Njåstad om bunad

Òg Helge André Njåstad nyttar både Facebook og mailinglista si for å sikre siger for sin bunad.

Foto: Skjermdump

Mange menn i bunad

Og i dag var det mange bunader å sjå på Austvoll.

– Her er den svært populær, og spesielt hjå menn har me sett ein voldsom auke. No er det like mange bunadar som dressar å sjå på 17. mai.

Han er redd for at bunaden ikkje kjem til å nå heilt opp i kåringa sidan den tilhøyrer ein såpass liten kommune.

– Men eg håpar den kan få litt heider og ære i denne kåringa, seier han.

Video Bunader til hunder

Til og med våre firebeinte vener har fått sin eigen folkedrakt.