Av våre fem stortingspolitikarar er det den tidlegare sjukehusdirektøren Gunvald Ludvigsen som tronar på toppen av både løn og formue.
- Vaksen mann med nøkternt forbruk
Ludvigsen frå Venstre tente i fjor 584 898 kroner, og hadde ei formue på over ein million kroner.
- Eg er jo ein ganske vaksen mann, etterkvart. Eg har betalt ned både hus og bil, og har eit nøkternt forbruk, forklarar Ludvigsen.
- Personleg har eg verken behov eller interesse for å gå gjennom andre sine skatteforhold. Men samtidig vil eg seie at det er heilt uproblematisk at tala blir lagt fram slik.
Balansere openheit og privatliv
- I Venstre er vi opptekne av både openheit og privatlivets fred. Her må det vere ein balanse og eg trur den balansen er ivareteken med den praksisen vi har i dag, meiner Gunvald Ludvigsen.
Den som har dårlegast betalt for stortingsvervet er Framstegspartiet sin Åge Starheim frå Selje, med 540 825 kroner i inntekt, og null i formue.
Bård Vegar i botnen
Samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) frå Lærdal og fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) frå Kalvåg får betre betalt for sine ministerposter med 910 636 og 761 827 kroner i inntekt.
Like godt betalt er ikkje kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV) frå Naustdal. Han ligg på botnen av lista med 459 522 kroner.