Hopp til innhold

Så glad vart Siri då cupgullet var eit faktum

Dei tre sogningane Elise Thorsnes, Siri Nordeide Grønli og Stine Pettersen Reinås kunne sleppe jubelen laus - cupgullet var eit faktum etter at Stabæk slo Avaldsnes 1-0.

Siri Nordeide Grønli

GULLJENTE: Siri Nordeide Grønli frå Høyanger sende innlegget som førte til mål for Stabæk.

Foto: NRK

Høyanger-jenta Grønli var medverkande til Stabæk sitt mål då høgrebacken kom på eit godt løp og slo presist inn til Melissa Wiik som heada ballen i mål.

– Dette kjennest utruleg deileg, seier Elise Thorsnes til NRK.no.

At det lugga litt på bana, og ei stund fort kunne gått til ekstraomgangar, uroa ikkje Thorsnes i kampen.

– Nei, det kunne det godt vorte. Eg koste meg utruleg ute på bana. Det var difor eg ikkje scora også, seier Thorsnes og ler.

(Artikkelen held fram under videoen)

Har man vunnet cupfinalen, så har man vunnet cupfinalen.

SUPERGLAD: Her jublar Siri Nordeide Grønli for cupgullet.

Kunne ha scora to

For ho kunna ha scora heilt på slutten.

– Eg kunne og burde ha scora to, men, men, det er ikkje så farleg når vi vinn 1-0, seier Thorsnes.

Ho meiner det er klare grunnar til at Stabæk har lagt bak seg ein strålande sesong.

– Vi har ein spelestil som vi er trygge på. Alle veit kva dei skal gjere til ei kvar tid, og vi har gode einskildeigenskapar, samt at vi er gode som lag. Vi er rett og slett berre best, seier Thorsnes nøgd.

– Blir det feiring no?

– Ja, det kan du lite på, seier Thorsnes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Melissa Wiiks scoring i første omgang skulle vise seg å bli matchavgjørende. Årets "dubbel" betyr at Stabæk har vunnet cupfinalen tre ganger på rad.

Stabæk vant cupfinalen

Avaldsnes var tydeleg svakare i første omgang, men var med på å prege finalen i andre omgang. Stabæk var det klart beste laget i førsteomgang, og kunne ha leia med fleire mål då laga gjekk til pause.

– Vi er taktisk smarte og har brukbar kontroll. Det er fantastisk å ta ein double, seier trenar Øyvind Eide.

Han er imponert over innsatsen og resultata til Stabæk i år. Det er tredje året på rad at Stabæk vinn cupfinalen for kvinner.

– Vi har tapt éin av 34 kampar i år. Eg kan ikkje anna enn å skryte, seier Eide.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elise Thorsnes

KUNNE SCORA: Elise Thorsnes hadde fleire scoringsmoglegheiter, men fekk ikkje ballen i mål.

Foto: NRK

Rosar lagvenninnene

Veteran og matchvinnar Melissa Wiik rosar lagvenninne.

– Dei er jo landslagsspelarar heile gjengen. Det er ikkje tilfeldig at denne scoringa kom. All ros til både trenarteam og lagvenninnene mine, seier Wiik.

Stabæk har berre hatt eitt tap i år, borte mot Arna Bjørnar. Stabæk har ikkje tapt éin kamp i cupen på over tre år.

Over 4000 tilskodarar fekk med seg cupfinalen for kvinner på Ullevaal stadion.