Rektor hadde ikkje anna val enn å sende heim ein god del av elevane på barneskulen då gradestokken i klasseromma berre synte 10-12 varmegrader. Ute var det iskalde minus ti.
- Lærarane rapporterte om 10-12 varmegrader inne i klasseromma. Då seier det seg sjølv at det vert for kaldt både for ungane og dei vaksne, og vi såg ikkje anna råd enn å sende dei fleste heim att. I tredje høgda fekk vi varma opp med vifteovnar, slik at førsteklassingane kunne gå ut skuledagen, fortel rektor Solveig Berstad Sande til
Berstad Sande seier at kommunen vil prøve å finne feilen ved ventilasjonsanlegget så fort som råd. Ifølgje teknisk etat er det uråd å seie når dei får retta feilen.
Høyanger skule har kring 400 elevar.