Hopp til innhold

Kulde så langt meteorologen kan sjå

Trudde då det skulle gå mot vår og høgare temperaturar? Det kan du førebels berre gløyme.

Frosen bil

FLEIRE SLIKE MORGONAR: Vinteren med islagte frontruter er ikkje over.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

To veker før sommardekka etter rett skal vere komne på, vil vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet, Gunnar Livik, på ingen måte råde folk til å førebu dekkbyte på bilen.

Dekkskifte

VENT MED DETTE: Vêrvarslinga på Vestlandet rår folk til å halde på vinterdekka - ei stund til.

Foto: Erlend Aas / Scanpix

– Nei, det ville eg ikkje ha tenkt på. Ein bør nok halde på vinterdekka, fastslår Livik.

Datoen for dekkskifte i Sør-Norge er 1. april, alternativt helga etter påske. Men sjølv om mange stader i Sogn og Fjordane hadde vårlege dagtemperaturar langt opp på plussida søndag, står ein ny kuldeperiode for tur.

Kaldt i over ei veke

– No i helga har vi hatt nokså mykje varmluft. Men det ser ut til å bli kaldt så langt vi kan sjå, det vil seie over neste helg. Så kulden ikkje over.

Trøysta får vere at det blir mindre vind.

– Det held fram med litt vind i fjellet, men den vil gradvis minke, seier statsmeteorologen og held fram:

– Elles ser det ganske bra ut. Vi får litt innslag av høge skyer inni mellom, men det byggjer seg opp eit høgtrykk som startar i nord. Dette vil føre til at temperaturane synk utover veka.

Minus også på dagtid

Livik seier det vil vere store lokale skilnader.

– I Sogndal, til dømes, kan ein igjen få natte- og morgontemperatur på under 10 minus mot slutten av veka. Alt tysdag kan ein vere komen ned i minus ni.

Heller ikkje dagtemperaturen vil i indre strok nå den raude sida av termometeret. Unntaket er kyststroka, der temperaturen midt på dagen så vidt kan gå i pluss.

– Det ser ut til å bli kulde og fint vêr heile vegen. Med lite nedbør. Om ikkje heilt klarvêr, så vil det komme gløtt av sol, seier Livik ved Vêrvarslinga.
Ser ut til kulde og fint heile vegen. Lite nedbør.

NB! For snøskredfare: Sjekk varsom.no og NGI sine nettsider