Hopp til innhold

Kronprinsparet takka for seg

Etter folkefesten i Nordfjordeid sentrum torsdag ettermiddag takka kronprinsparet for seg, etter tre dagar i Sogn og Fjordane.

Kronprinsparet i Eid
Foto: Øyvind Torvund / NRK

 - Det har vore nokre fantastiske dagar her i fylket, og vi har opplevd veldig mykje flott, sa kronprinsparet då dei møtte pressa torsdag ettermiddag.

Kronprinsparet i Eid
Foto: Øyvind Torvund / NRK

 

 - Dei kulturelle opplevingane har vore mange, og spesielt vil eg trekke fram alle ungdommane som har stått for mange innslag. Det er tydeleg at de satsar på dei, sa kronprinsesse Mette-Marit.

Kronprinsparet har fleire gonger under turen sagt at dei vil kome tilbake til fylket. Då dei vitja Stryn onsdag fortalde kronprinsessa at ho gjerne ville vitje sommarskisenteret ved eit anna høve.

Kosa seg med suppe

På den siste dagen i Sogn og Fjordane starta kronprinsparet dagen i Hornindal barnehage. Der fekk dei servert brenneslesuppe. Og kronprinsessa likte det.

- Det var veldig godt. Eg forsynte meg faktisk to gonger, og det bør vel seie sitt, sa ho.

Også kronprins Haakon likte det han fekk smake.

- Men eg måtte spørje sidemannen min om eg kom til å brenne meg på tunga, men han forsikra meg om at det ville gå bra, sa han.

 

 

 

 

Kronprinsparet i Eid
Foto: Øyvind Torvund / NRK

Leverte ringar

Men før kronprinsparet reiste frå fylket fekk dei oppleve ein stor folkefest i Nordfjoreid sentrum.

Over 3000 personar hadde møtt fram i Eid. Litt regn la ikkje noko dempar på festen for nordfjordingane.

Gullsmed Kathrine Berg hadde laga to ringar til kronprinsparet med påskrifta "beundring" og "integrering". Medan kronprinsparet nærma seg var det ei spent dame som venta på dei.

- Det er klart eg er nervøs, men eg håpar dei vil sette pris på ringane eg har laga, sa Berg.

Nokre sekund seinare var ringane overleverte, og kronprinsparet tok seg god tid til å prate.

Helste på frammøtte

På vegen ned Eidsgata tok både kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit seg også god tid til å helse på dei frammøte.

I enden av Eidsgata underheldt elevar på sirkuslinja ved Fjordane folkehøgskule gjestene.

Som ein del av programmet vitja kronprinsparet også Nordfjord

Kronprinsparet i Eid
Foto: Øyvind Torvund / NRK

psykiatrisenter. Her fekk dei også møte to tenestebrukarar.

Folkefest på Eksersisplassen

Folkefesten fortsette sidan på Eksersisplassen. Der fekk dei frammøtte oppleve eit variert program, mellom anna voggesong frå Burundi. I tillegg heldt kronprinsesse Mette-Marit også tale. I talen skrytte ho av eidarane.

- De tek tak i lokale utfordringar, og har snart eit tilbod for unge rusmisbrukarar. I tillegg til rockfestival har de spesialkompetanse på opera - og fjording. I fjordhesten sitt rike er kanskje det å vinne den årlege konkurransen ein av dei største heiderstitlane ein kan få, sa kronprinsessa.

Kronprinsparet i Eid
Foto: Øyvind Torvund / NRK

Tre dagar i fylket

Kronprinsparet har altså vore i Sogn og Fjordane i tre dagar. Det starta på Bulandet og Værlandet i Sunnfjord og enda altså opp i Eid i Nordfjord.

Godt over 60 norske og internasjonale pressefolk har vore med på turen.

Kronprinsparet i Eid
Foto: Øyvind Torvund / NRK