Leiar i Hordaland Bonde og Småbrukarlag, Gunnar Trædal synest det er synd at elevane skal tapa fleire tusen kroner på avlyste turar.
Har spart lenge
For mange elevar er ein klassetur til England ei etterlengta avslutning etter 10 år i grunnskulen. 10.klasse frå Matre skule i Masfjorden hadde spinka og spara i fleire år og hatt fleire dugnadar for å samla nok pengar til skuleturen til England. Men no er turen avlyst, fordi det er fare for at elevane skal dra med seg den frykta munn og klovsjuka hit til landet.
Tapar 4.000 kvar
- Det er for gale at dei stakkars elevane skal mista rundt 4000 kroner kvar som dei har spinka og spara, tenkte leiaren i Hordaland Bonde og småbrukarlag, Gunnar Trædal. Difor gjekk han i gang med kronerullinga. Men det er ikkje berre for elevane sin del han no startar kronerulling.
Bra å avlyse
- Det er prisverdig av elevane å avlyse turane til England, seier Trædal. Han seier at Bonde- og Småbrukarlaget gjerne vil gje ein kompensasjon for å syne at dei set pris på tiltaket. For elevar og foreldre kjem kronerullinga som ei gladmelding. No kan det kanskje bli ein ny tur, seier Øyvind Kristoffersen som er far til ein av elevane på Matre skule.