Hopp til innhold

Kritisk til heimeabort

Dersom kvinna skulle sjå fosteret ved heimeaborten, er dei psykiske problema faretrugande, meiner psykiater.

- Eg har vore i kontakt med ei kvinne som såg fosteret heilt tydeleg ved heimeaborten. Ho opplevde dette som svært vanskeleg, seier psykiater Anne Nordal Broen.

Større psykiske problem

Ho har jobba i fem år med ein doktorgrad der ho har intervjua kvinner som har utført spontanabort. Nordal Broen meiner slike situasjonar lett kan oppstå når kvinna er etterlatt til seg sjølv, ein såkalla medisinsk abort der ein reiser heim når fosteret og morkaka kjem ut.

Ho trur mange kvinner vil få psykiske problem dersom dei får sjå det døde fosteret:

- Det vil nok bli ein mer psykisk risikofylt situasjon dersom ein skulle sjå fosteret, morkake og blod, meiner Broen. Ho trur dette vil vera veldig tungt for kvinnene.

- Må forskast på først

Dette står i kontrast bodskapen til Ole Erik Iversen, medisinprofessor ved Universitetet i Bergen. Han meiner derimot at dersom kvinnene sjølv får medvierka til prosessen, så blir det færre psykiske påkjenningar.  Sidan forsøksordninga starta i Bergen i mai i fjor har omlag ein tredjedel av abortane blitt gjennomført heime.

Helseministeren skal snart ta stilling til forsøksprosjektet.

- Eg vil råda til å starte undersøkelse blant dei kvinnene som utfører medisinsk abort, særleg dei som gjer dette heime, for å sjå korleis etterverknadane er, meiner Nordal Broen.