Mannen er til behandling i Bergen, og Kari Nytun, kommunikasjonsrådgjevar i Helse Bergen, stadfestar at tilstanden er kritisk for han.
– Vi fekk melding om uhellet frå AMK klokka 12.02. Ein person er skadd i ei fallulykke i Sogndal sentrum, seier vakthavande ved politiets operasjonssentral i Florø.
Ifølgje firda.no har ein mann i 60-åra falle om lag fem meter, og han er alvorleg skadd etter hendinga.
Mannen vart i ettermiddag sendt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.