Krev svar om rovdyr
Onsdag må miljøministeren komme til Stortinget og svar på kvifor ho ikkje syter for at rovdyr som ulv og jerv vert fjerna i Sogn og Fjordane. Det er Liv Signe Navarsete som ber statsråden svare på dette. Ho viser til at Stortinget har vedteke at dei store rovdyra skal fjernast frå beiteområde her i fylket. Denne sommaren har det vore store sauetap på grunn av rovdyr.