Hopp til innhold

Krev setebelte i buss

Sogn og Fjordane KrFU vil no ha setebelte i alle bussar.

Maria Brosvik

Kristeleg Folkeparti sin ungdom (KrFU) her i fylket er redde for bussulukker, og vil ha setebelte i alle bussar. Spesielt i bussar som fraktar små skuleelevar.

Viktige haldningar

- Dette er små ungar. Det er veldig viktig at vi viser gode haldningar ved å gi dei moglegheita til det, seier fylkesleiar i KrFU, Maria Brosvik.

Reglane er i dag slik at bussar som er frå 1999 eller nyare har belte, men eldre bussar har ikkje slike krav, og mange stader er det desse bussane som køyrer skulerute.

- Det stemmer. Eg tok skulebuss sjølv i 10 år og eg hadde ikkje setebelte. Det hender jo at bussar veltar på vegane våre fordi dei ikkje er så veldig gode. Eg håpar at fylkeskommunen vil ordne opp i det fort, seier ho.

Dårleg samvit

- Dette er nok noko eg vil seie at ein har dårleg samvit for at vi ikkje har fått til, seier Åshild Kjelsnes (Ap), samferdslepolitikaren som har jobba med trafikktryggleik i fleire år.

Ho seier at dei lenge har prøvd å montere setebelte i bussar som er frå før 1999.

Pris og regelverk

- Utanom prisen, er det også ein del regelverk som hindrar dette, seier Kjelsnes. Ho forklarar at ein først må montere setebelte i den aktuelle bussen, før den deretter må til godkjenning.

- Og det er ingen garanti for at den blir godkjent, seier ho, og legg til at det da er vanskeleg både for busselskapa og fylkeskommunen.

- Kva med å kreve nyare bussar på skulerutene?

- Vi har oppmoda om at det blir gjort og vi er i ein løpande kontakt med rutebilselskapet for å få til dette, men det er svært dyrt, seier Kjelsnes.

Strategiplan

No jobbar samferdslepolitikarane med ein strategiplan der dette temaet er inne, men det vil ta litt tid. Kjelsnes ser derfor at det er naturleg at fleire tar del i dette arbeidet.

- Då tenkjer eg også på sentrale styresmakter, slik at dei kan sjå kva som er mogleg å få til, meiner ho.

Fleire meldingar

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete sa på Forbrukerinspektørene på NRK1 denne veka at også departementet no tar fatt i belteproblematikken i bussane.

- Sjølv om dette er eit fylkeskommunalt ansvar, har vi fått fleire meldingar om dette. Vi tar derfor tak i denne saken no. Vi skal no kartlegge fylkeskommunane sitt tilbod for skuleskyss, kva vi bør sette i verk og kva som er formålstenleg, seier Navarsete.

Men Maria Brosvik er utolmodig.

- Eg synest det bør skje så raskt som mogleg. Om det er ein buss som krasjar i morgon og det er nokon som døyr, så har vi gjort det for seint, seier ho.