Dagleg leiar for stiftinga, Jan H Harsem, meiner det er kritikkverdig at nestulukker av slike dimensjonar ikkje blir granska.
(Sjå Dramatisk for "Midnatsol")
Nesten i fjøresteinane
Maskinproblema skuldast attgroing av desse kjøle-røyra. NRK-foto.
I ni meter høge bølgjer var det store skipet prisgitt ankerkjettingane for å hindre eit havari. Før livbåtane vart låra i den grove sjøen, fekk mannskapet omsider motorane i gang att. "Midnatsol" var då berre vel 150 meter frå skjera, og båten hadde vore i drift i meir enn to timar.
– Også nestenulukker må utredast for å kartleggje alle årsaksforhold. Ei så alvorleg ulukke som kunne skjedd med "Midnatsol" kan ikkje passere utan noka form for havariutredning eller etterforsking, seier Harsem.
Klage til Riksadvokaten
Skagerak har no klaga saka inn for Riksadvokaten, som har bede politimeisteren i Sogn og Fjordane om ei orientering om korvidt det vart sett i verk etterforsking i samband med nestenulukka.
(Sjå brevet som stiftinga Skagerak har sendt til Riksadvokaten.)
"Midnatsol". Foto Anders Jørgensen