Ho meiner dansk legevikarbyrå bør granskast

– Det danske vikarbyrået NordVik, som årleg rekrutterer mellom 300 og 400 legar til Norge, bør granskast. Dette seier Kjersti Toppe frå Senterpartiet, nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Kjersti Toppe

KRITISK: Kjersti Toppe meiner legevikarbyrået NordVik framstår useriøst og uetisk.

Foto: Vågenes, Hallgeir / VG

Fleire danske legar, som tidlegare har jobba i vikariat i Norge, står fram i danske Dagens medicin med krass kritikk av NordVik. Selskapet lovar betre løn og vilkår enn dei kan halde, hevdar legane mellom anna. Dei legg også fram e-postar dei har fått frå NordVik med ufint og trugande innhald.

Krev handling frå helseministeren

Norske aktørar har også hatt problem med NordVik. Mellom anna er tre danske legar ved Nordfjord legevakt alle under gransking frå norske helsestyresmakter for svært kritikkverdige forhold. Toppe ber no helseminister Bent Høie rydde opp.

–- Eg kjem til å stille han eit spørsmål no der eg gjer han merksam på NordVik-sakene dei har vorte innblanda i. NordVik rekrutterer mellom 300 og 400 legar til Norge årleg, så dette er eit nasjonalt problem. Mange brukar dermed eit firma som kan vere farleg for pasientane, seier Toppe.

Rusa på jobb

Den eine legen er under gransking fordi han var rusa på jobb ved Nordfjord legevakt. Han er mellombels fråtatt autorisasjonen.

Den andre legen er tiltalt for aktlaust bildrap etter at han på veg heim frå jobb ved Nordfjord legevakt, i pillerus og altfor høg fart, krasja med ein motgåande bil. Ei seksbarnsmor i 40-åra omkom. Den tredje legen er under gransking fordi han nekta å ta imot ein dødssjuk mann i 60-åra.

Fylkeslegen støttar gransking

Assisterande fylkeslege i Sogn og Fjordane, Jakob Andersen, ønskjer ei eventuell gransking av NordVik velkomen.

– Ein del av det NordVik har drive med høyrest veldig gale ut. Dette kan vere eit uttrykk for den høge marknadsdelen NordVik har i Norge. Ei gransking av selskapet ville vore bra, seier Andersen.

Åtvarar kommunane

Toppe åtvar no norske kommunar mot å bruke NordVik.

– Det har vore altfor mange stygge saker til at vi kan råde kommunene til å bruke dette selskapet. NordVik har vist seg som useriøse og verkar å ha ein uetisk forretningsmetode, seier ho.

Karsten Ramløv Svendsen

BEKLAGAR ORDBRUK: Styreformann Karsten Ramløv Svendsen i NordVik.

Foto: Transmedica

Beklagar stygge epostar

NRK har ei rekkje gonger dei siste par månadene prøvd å få toppsjefen i NordVik, Mikael Palm, i tale, men utan å ha lukkast. Han har hemmeleg telefonnummer, og kollegaen hans vil ikkje formidle telefonnummeret hans.

Palm fekk for fleire dagar sidan oversendt kritikken mot seg på e-post, men han har ikkje gitt noko svar tilbake. Sist vi høyrde frå han var for nokre veker sidan, då Palm bad NRK om å ikkje kontakte firmaet igjen, korkje på telefon eller e-post.

Men etter all kritikken mot selskapet den siste tida, stiller styreleiar Karsten Ramløv Svendsen no opp. Han avviser at dei danske vikarlegane ikkje har fått utbetalt det dei har krav på. Samtidig beklagar han Mikael Palm sin stygge ordbruk i ulike e-postar.

-Dette er heilt uakseptabelt av Palm. Det har eg fortald han og det er han samd i. Dette må vi be om orsaking for, seier han.

– Toppe useriøs

Men når det gjeld Toppe si oppmoding om gransking og åtvaring mot å bruke Nordvik, slår Ramløv Svendsen hardt tilbake.

– Ho er djupt useriøs. Kva vil ho granske oss for? Korleis skal NordVik kunne kontrollere at ein lege har eit alkohol- eller pilleproblem? Det finst slike problem også i det offetlege systemet i Norge. Vi har undersøkt alt vi kan og har følgt regelverket. Kritikken frå Toppe er fullstendig ute av proposjonar, seier han

.
Men no er tre legar på vesle Nordfjord legevakt alle under gransking. Mellom anna har den eine legen som var rusa på jobb heile fem gonger tidlegare fått krass kritikk frå danske helsestyresmakter. Kontrollerer de ikkje referanse til legane de sender til Norge?


-Jau, det gjer vi. Vi kontrollerer dei på alle mulege måtar.

Meiner vikarlegane er til å stole på

Men NRK har funne ut at legen fleire gonger har fått krass kritikk frå danske helsestyresmaktar. Burde ikkje også NordVik å funne ut dette?
'

– Eg kan ikkje svare på kva som har skjedd i denne konkrete saka, men generelt vil eg seie at vi sjekkar alt vi overhodet kan, seier Ramløv Svendsen.

– Kan vi stole på legar som blir rekrutterte via NordVik?

– Ja, 100 prosent.