Hopp til innhold

Krev fortgang på breibandutbygging

To år etter at kommunen fekk nær ein million til breibandutbygginga, ventar innbyggjarane i Oldedalen framleis på raskare internett.

Oldedalen

VENTAR FRAMLEIS: Det har gått to år sidan Stryn kommune fekk nær ein million kroner i tilskot til betre breiband til Oldedalen. Sidan har ingenting skjedd.

Foto: Kjell Arvid Stølen

No etterlyser Oldedalen Utviklingslag både ansvarsplassering og framdrift på utbygginga.

– Det er sterkt behov for meir breiband i Oldedalen. Det er ikkje tilfredsstillande slik det er i dag. Dess lenger vekk ein kjem frå sentralen, jo dårlegare blir det. I Instedalen er det 0,7-0,8 megabyte om ein ikkje har eigne luftlinkar, seier leiar Per Briksdal.

Står klare til å yte

Kommunen fekk for snart to år sidan 960.000 kroner i tilskot til breibandsutbygging, og midlane vart øyremerkt strekkja Rustøy–Briksdal. Sidan har lite skjedd.

I brev til kommunen skriv Briksdal at både Telenor og kommunen har vist vilje, men at det så langt ikkje har vore handling. For det er liten tvil om at innbyggjarane er klar til å yte sin del om arbeidet berre kjem i gang.

– Det er så godt som 100 prosent interesse. Av dette er det ni verksemder. Samstundes har 16 menn/kvinner med spade meldt seg til dugnad; samt seks gravemaskiner med førar, skriv Briksdal.

– Bygda døyr

Innbyggjarane i Oldedalen har inntrykket av at kommunen verken har vilje eller kapasitet til å administrere utbygginga.

– Og der står saka ... medan bygda døyr, skriv Briksdal til kommunen.

Ordførar Sven Flo (H) beklagar at ein ikkje har kome nokon veg i løpet av desse to åra, og har stor forståing for at innbyggjarane er byrja å bli utålmodige.

Trudde dei hadde avtale

Sven Flo

ORDFØRAR: Sven Flo (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi trudde vi hadde ein god avtale med Telenor med tanke på å få til ei løysing, men så har vi litt utfordringar med Telenor om mellom anna ESA-reglar og dette med konkurransebiten på å gje statstøtte til denne type utbygging, seier Flo.

Han seier Telenor har kabling oppover dalen, og at dei vil jobbe vidare med Telenor for å få gjennomført planane.

– Så lenge Telenor trekkjer seg ut av heile konseptet, så vil alternative løysingar bli langt dyrare enn det som ligg på bordet i dag, seier han.

Bygda lir

Med Briksdalsbreen heilt inst i dalen, er Oldedalen ein turistmagnet. I tillegg til innbyggjarane lir næringsdrivande av det dårlege internettsambandet. Som til dømes Olden Brevatn.

– Vi aksepterer ikkje at dei vinglar slik og vil gå oppover i Telenor-systemet. Løfte saka opp der den høyrer heime. Seier dei at det er uaktuelt, så må vi sjå på alternative løysingar, forsikrar Flo.

– Telenor må vere med

Ordføraren er likevel klar på at utbygginga er eit oppgåve Telenor må vere med å gjennomføre.

– Eg håpar dei ser den rolla dei har som samfunnsutviklar og samfunnsaktør at dei er med å tilretteleggje, seier Flo og også viser til regjeringa sin lovnad om at breiband skal ut til folket.

– Det gjeld også opp i Oldedalen, seier han.

No vil dei i mål

I mellomtida må innbyggjarane i Oldedalen smørje seg med tålmod. Dei håpar kommunen viser at dette er noko dei vil vere med å få i hamn.

For folketalet i bygda har gått ned for kvart år og dei meiner at eit raskare breiband vil vere heilt naudsynt for verksemdene å utvikle seg vidare. Og for å halde oppe busetnaden.

– Vi ynskjer sterkt framgang i saka, at ein får avklaring på ansvaret og at vi kjem oss vidare. No har det nesten gått to år, og då er det på tide å komme i mål, avsluttar Briksdal.