Hopp til innhold

– Ferjefri E39 er jobb nummer ein

Når samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa møter Vestlandsrådet i morgon, er krava klare. Leiar Tom Tvedt meiner at ferjefri E39 er jobb nummer ein.

Fylkesordfører Tom Tvedt (Ap)

SET KRAV: Fylkesordførar i Rogaland og leiar i Vestlandsrådet, Tom Tvedt, meiner at ferjefri E39 er det viktigaste samferdsleprosjektet på Vestlandet.

Foto: NRK

Når Kleppa møter Vestlandsrådet i morgon, vil dei gje statsråden eit eige transport politisk handlingsprogram.

Skipstunnel og vegstandard

Der er både ferjefri E39, drift og vedlikehald av vegstandarden, sjøtransport, rassikring og nye modellar for samferdslefinansiering og ikkje minst Stad skipstunnel sentrale element.

– Realisering av ein ferjefri E39 er overmoden! Vestlandsrådet har jobba jamt og trutt for ein ferjefri kyststamvei E39 langs heile kysten, og for meg er det dette som er jobb nummer ein, seier leiar i Vestlandsrådet og fylkesordførar Tom Tvedt.

Vestlandsrådet ser Vegdirektoratet sitt prosjekt “Ferjefritt E39” som eit resultatet av ein landsdel som no står samla bak ein ferjefri transportkorridor langs heile Vestlandskysten.

Stor utfordring

– Ferjefri E39 er følgjeleg eit av dei største samferdslepolitiske utfordringane langs kysten. Det interessante er at det til med er muleg med ei god kryssing av Sognefjorden. Dette trass i at oppgåva byr på store transporttekniske utfordringar, også globalt sett. Det betyr at det er finansieringsløysingar som truleg blir den største utfordringa, presiserer Tvedt.

Vestlandsrådet vil no sende det nye handlingsprogrammet for samferdsle ut på høyring. På møtet på Flesland i morgon deltek både samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa og fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen.