Hopp til innhold

Krev fem års fengsel for grov vald

Særs grovt og brutalt, sa aktor og krev fengsel i fem år og tre månader for dei to mennene som står tiltalt for grov vald mot ein 68 år gamal mann.

Benedicte Hordnes

– GROVT: Statsadvokat Benedicte Hordnes er aktor i saka. Ho krev fem års fengsel og tre månadar for dei to mennene som står tiltalt for grov vald. Her frå ei anna sak i Bergen tingrett.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det var i fjor vinter at dei to mennene på 20 og 30 år frå Kvinnherad gjekk laus på 68-åringen. Saman pressa dei ein plastpose over hovudet på mannen, før dei sparka og slo han medvitslaus. Til slutt skubba dei han ned ein skråning.

Tysdag møtte dei i Sunnhordland tingrett, tiltalt for lekamsskading under særs skjerpande omstende.

I retten onsdag kravde aktor Benedicte Hordnes fem år og tre månader fengsel for begge tiltalte, skriv Bergens Tidende.

Må likebehandlast

Dei to mennene har sagt seg skuldige i den grove valden.

I retten har 30-åringen forklart at han følte seg pressa til å delta i valden, men Hordnes meiner dei må likebehandlast.

– Begge medverka både fysisk og psykisk i valdsutøvinga. Og dei var saman om løgnhistoria i etterkant, sa ho i retten ifølgje BT.

Det tok nemleg eit år før dei to mennene vart arresterte av politiet. Dei trudde først at dei to var ute å lufta hunden då dei fann 68-åringen i skråninga. Det var også ein av dei tiltalte som kontakta AMK, etter at mannen hadde vorte forlaten i skråninga i kring 20 minutt.

– Ville døydd

Eit av vitna som vart kalla inn i rettssaka var lege Anne Brit Nygård. Avisa Sunnhordland skriv at ho var første lege på staden, etter at det kom inn meldingar om at ein mann hadde falle ned ein skråning utanfor Husnes sentrum.

– Eg kunne ikkje tru at han berre hadde falle. Han hadde mange skader i hovud og overkropp, men ingen andre stader på kroppen. Eg var sikker på at noko kriminelt hadde skjedd, sa Nygård i retten ifølgje Sunnhordland.

Den mars-natta var det kring 0 grader ute og 68-åringen var tynt kledd.

– Det ville ikkje tatt mange minuttar før han hadde døydd.

Nygård er også fastlege for fornærma, men han var så skamslått at ho ikkje kjende han att før dei dei fann bankkortet hans.

Krev 700.000 i erstatning

Bistandsadvokat, Sigrid Andersen Cabot sa i sin sluttprosedyre at den fornærma i dag føler seg meir død enn levande. 68-åringen er 60 prosent ufør som følgje av overfallet.

– Han hadde eit rikt liv som ikkje er der lenger, sa Cabot og kravde til saman 700.000 kroner i oppreising og erstatning.

Forsvararane kravde ei mildare straff enn det aktor la fram. Bergens Tidende skriv at 30-åringen sin advokat, Steinar B. Yndestad, meinte at oppreisinga burde vera på maksimalt 150.000 kroner og meinerstatninga på 195.000 kroner.