Hopp til innhold

Fekk ikkje læreplass - krev no erstatning frå fylkeskommunen

Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane må møte i retten etter at dei skal ha brote opplæringslova.

Tor Ove Fanøy frå Svelgen måtte vente 14 månader på lærekontrakt, og Fylkesmannen har slått fast at fylkeskommunen i den samanheng braut lova.

Ivar Hauge er advokat for Fanøy, han seier dei no vil krevje erstatning.

– Som følgje av at fylkeskommunen har brote opplæringslova, så har dette fått konsekvensar i form av inntektstap for min klient, seier Hauge.

Har måtte gå fleire rundar

Fanøy fekk først lærekontrakt hos INC Vedlikehald i Svelgen, men den vart avvikla ni månader før den var fullført. Deretter gjekk det 14 månader før han fekk ny kontrakt med eit nytt firma og kunne fullføre fagutdanninga som industrimekanikar.

– Han har altså vore utan arbeid i 14 månader som følgje av at fylkeskommunen ikkje sytte for å få han i lære i den avtaleperioden han hadde, seier advokat Hauge.

Saka vart klaga saka inn for fylkesmannen, som i første omgang avviste behandling. Men saka gjekk vidare til Utdanningsdirektoratet som påla fylkesmannen å behandle den.

I oktober i fjor kom dommen: Fanøy hadde ikkje fått oppfylt retten sin til opplæring i tråd med lærekontrakt og Opplæringslova.

Vil ikkje kommentere

No endar saka i retten, etter at økonomiske krav er avviste av fylkeskommunen, seier Hauge.

– Vi har sendt over brev til fylkeskommunen der vi har grunngjeve og dokumentert erstatningskravet som dei då har avvist.

– Dei har vel faktisk sagt at dei framleis meiner dei ikkje har brote opplæringslova og har avvist kravet med mellom anna det som grunnlag.

Fylkesrådmann Tore Eriksen seier til NRK at dei har teke imot stemninga, og at dei har saka til vurdering. Ut over det vil han ikkje kommenter saka