Hopp til innhold

Krev betre karriereråd for unge: – Lærarar er utan kompetanse

I ti år har ungdomsskuleelevar hatt obligatorisk karriererettleiing, men det er ingen krav til dei som underviser. – Feil utdanningsval er dyrt for samfunnet, meiner KrF og Elevorganisasjonen.

Leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, Alida De Lange D’Agostino.

UROA: Leiar for Elevorganisasjonen i Hordaland, Alida De Lange D'Agostino, meiner det må stillast krav til lærarane som skal gi ungdomsskuleelevar karriererettleiing. – Faget har stor betydning for vegen vidare til elevane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Lærarane som underviser i utdanningsval har ikkje kompetanse nok til å gi elevane den kunnskapen dei treng om karriere og studieretningar framover. Det er dumt, seier leiar Alida De Lange D'Agostino i Elevorganisasjonen i Hordaland.

Sidan 2008 har faget Utdanningsval vore ein obligatorisk del av ungdomsskulen. Faget skal gjera ungdomskuleelevane betre rusta for å gjera karriereval basert på eigne føresetnader og interesser. Men kven som helst kan undervisa i faget.

– Det er ofte faglærarar som underviser, som gjerne prioriterer å gjere andre ting enn det dei eigentleg skal i desse timane, seier D'Agostino.

– Eit undervurdert fag

Sjølv om faget er obligatorisk for ungdomsskuleelevane, vert det ikkje stilt krav om kompetanse til lærarane.

– Dersom elevane ikkje får god nok vegleiing og informasjon om kva val og moglegheiter dei har, kan det føre til at dei mistrivst med dei vala dei tar seinare. På sikt kan det føre til at dei droppar ut av skulen, seier D'Agostino.

Også lærarar NRK har vore i kontakt med meiner gjennomføringa av faget er kritikkverdig.

Knut Arild Hareide

KREV KOMPETANSEKRAV: Knut Arild Hareide (KrF) meiner faget for karriererettleiing i ungdomsskulen har vorte undervurdert. – Vi må stille kompetansekrav til lærarane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

D'Agostino får støtte frå partileiar Knut Arild Hareide i Kristeleg Folkeparti, som meiner faget har vore undervurdert.

– Dette er eit fag som det er viktig å ha god kompetanse i, og difor meiner eg at vi må stille kompetansekrav til lærarane, seier Hareide.

Kritisk til undervisingskulturen

– Noreg har ikkje dei sterkaste tradisjonane for karriererettleiing, seier Tristam Hooley frå University of Derby.

Denne veka møtte han fylkespolitikarane i Hordaland for å snakka om forskinga si på nettopp karriererettleiing.

Tristram Hooley

ETTERLYSER RETTLEIING: Professor Tristam Hooley frå Univeristy of Derby meiner Noreg i mindre grad enn mange andre land har hatt kultur for rettleiing og undervisning for å førebu elevane på dei vala dei skal ta.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Hooley meiner han har grunnlag for å slå fast at god karriererettleiing kan gjera elevane meir motiverte og i stand til å forstå kva som må til for å oppnå måla sine.

– Kompetansen til dei som skal rettleia er difor avgjerande. God rettleiing kan på sikt hindra fråfall i skulen, meiner professoren.

Kan kosta samfunnet dyrt

Hareide (KrF) meiner riktige utdanningsval er viktig både for den enkelte elev og heile samfunnet.

– Riktige val gjer at eleven blir trygg. Dersom den enkelte ikkje finn ein riktig veg å gå, er det sjølvsagt kostbart for eleven som bruker fleire år av livet på noko ein eigentleg ikkje burde bruka tida si på. Også for samfunnet er dette kostbart, seier Hareide.

Knut Arild Hareide og Hordaland Fylkesting

OPPTEKEN AV UTDANNING: Knut Arild Hareide var til stades under Hordaland fylkeskommune sitt nyttårsmøte. Der snakka han mellom anna om utdanningsval for ungdomsskuleelevar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

D'Agostino i Elevorganisasjonen meiner styrka kompetanse kan gjere at fleire kjem seg gjennom den vidaregåande skulen.

– Det er heilt rimeleg at det vert stilt like strenge krav til kompetanse i dette faget som i alle andre fag, nettopp fordi det har så stor betydning for vegen vidare til elevane.