Hopp til innhold

Kranglar om 11 pasientar

Striden om ortopedivedtaket førte til tillitsbrot mellom Helse Førde og sjukehusforkjemparane i Nordfjord. For 11 pasientar.

Hans Johan Breidablik
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Frå lokalsjukehusområdet til Nordfjord vart det sendt 11 pasientar for operasjon ved Sentralsjukehuset i Førde dei seks fyrste vekene av ortopedivedtaket.

- Det er færre enn vi rekna med i planleggingsfasen, skriv Breidablik i ein rapport til Helsetilsynet.

Fylkeslegen kravde vurdering

Etter fleire medieoppslag om pasientar som måtte reise med brotskader til Sentralsjukehuset i staden for behandling ved Nordfjord sjukehus, kravde fylkeslegen vurdering av kapasiteten i Førde.

Men dei fyrste seks vekene i vedtaket har berre 11 pasientar blitt sendt frå Nordfjord til Førde, det skriv Bergens Tidende.

I same tidsrom vart det sendt 13 pasientar frå Lærdal til Førde.

Held kravet

Helse Førde meiner ortopedipasientar ikkje har venta unødvendig lenge på operasjon.

Nasjonale kvalitetsindikatorar seier at pasientar skal opererast innan 48 timar, og Helse Førde seier dei har klart dette i 95 prosent av tilfella.