Hopp til innhold

Kraftige kutt i fire lokalaviser

BT sine lokalaviser må kutte ti millionar kroner innan 2016. Det kan bety at avisene kjem ut færre gonger i veka.

Lokalaviser i Bergen

FÆRRE AVISAR: Dei fire BT-eigde lokalavisene kan ende opp med å kome ut færre gongar i veka.

Foto: Ingrid Tangstad Hatlevoll / NRK

Styra i dei BT-eigde avisene Bygdanytt, Vestnytt, Askøyværingen og Strilen går i møte neste veke for å handsame forslag til ny organisasjonsmodell. Ifylgje ba.no tilrår styringsgruppa både omfattande nedbemanning og kutt i talet på utgjevingar.

– Me treng å gjere nokon grep for å få den digitale transformasjonen til, og me ynskjer å endre oss slik at me er i forkant av eventuelle problem, seier Sveinung Tvedt som er dagleg leiar for dei fire avisene.

–Me vil gjere grepa før det er for seint, før me blir tvinga til større og styggare grep.

Endringane kan kome så snart som til hausten dette året. Styringsgruppa tilrår at Askøyværingen går ned i ei utgjeving i veka. I tillegg ynskjer styringsgruppa at Bygdanytt, Vestnytt og Strilen òg reduserer talet på utgjevingar slik at Bygdanytt kjem ut ein gong i veka, medan Vestnytt og Strilen kjem ut to gonger i staden for tre.

– Nedbemanning vil råke redaksjonane ulikt

Ei eventuell nedbemanning vil råke dei forskjellige redaksjonane ulikt.

– Me kjem til å sjå på korleis me er bemanna i dag, og korleis me skal vere bemanna i ei digital framtid. Det kjem ikkje til å vere slik at alle tek like mykje, seier Tvedt.

Redaktør i Askøyværingen, Kai Svellingen Flatekvål, seier han vil kjempe mot kutt i bemanninga i redaksjonen.

– Eg vil kjempe for mine folk. Eg meiner Askøy og Askøyværingen fortener å få gitt ut og laga ei god lokalavis. For at me skal få det til, så syns eg som redaktør at me treng det mannskapet me har, seier Flatekvål.