Ordførar Marit Aase meiner at eit kompetansesenter kan styrka både næringslivet og turismen i kommunen.
Det er stor interesse for å byggja ut småkraft for tida, og Aase trur mange kan ha nytte av å sjå korleis mindre kraftverk fungerer i praksis.
Småkraftmesse i Bergen
- Samnanger har no mange ulike kraftverk, heilt frå mini-småkraftverk til BKK sine store installasjonar. Difor vil me ha eit kompetansesenter, fortel ordføraren
Rundt 400 menn og eit par kvinner er i desse dagar samla til småkraftmesse i Bergen.
Mange av dei drøymer om å leggja bekken gjennom tunet i røyr.
I ettermiddag går turen til Samnanger for å studera vasskraftverk i ulike storleikar.
Vil ha eiga linje på vidaregåande
Blant anna skal dei innom sokkefabrikken SAFA, som er eineståande i Noreg. I desse dagar har dei opna eit småkraftverk i fabrikklokala sine.
Ordførar Marit Aase skulle gjerne hatt ein jamn straum av småkraftinteresserte reisande til kommunen.
- Ungdomane våre treng å få læra meir. Me spør oss no om me kanskje kan få ei eiga linje i den vidaregåande skulen og om me kan knytta oss opp mot Universitet i Bergen, fortel ho.