Hopp til innhold

Køyr i dag om du skal over fjellet

Vinden på Vestlandet har roa seg, og vil halde fram med å roe seg 2. juledag. Men skal du frå aust til vest dei neste dagane, så bør du få gjort dette seinast fredag føremiddag.

Haldis Berge og vanskelege køyreforhold

DÅRLEGARE: Haldis Berge ved Vêrvarslinga på Vestlandet seier vinden vil roe seg framover, men at den vil ta seg opp att fredag ettermiddag.

Foto: Fotomontasje: Oddleif Løset/Marit Hommedal (NRK)

For fredag vil kraftig vind på nytt feste grepet om Vestlandet. Utover ettermiddagen 3. juledag vil det også komme nedbør. I høgfjellet blir det i form av snø.

Med andre ord kan uvêr føre til stengde vegar og kolonnekøyring fredag.

– Kombinert med kraftig vind, så må ein rekne med vanskelege køyreforhold mellom aust og vest i morgon, seier statsmeteorolog Haldis Berge.

Tak reiste med vinden

Dei siste par dagane har vore vindfulle i Sogn og Fjordane. I Bremanger har opp til 135 abonnentar vore utan straum i løpet av siste døgnet. På Isane i same kommune merka dei vinden svært godt, der vinden velta tre og tok med seg delar av hustaket til Kjell Sandal.

Ferja fann det best å ligge midtfjords medan dei venta på at vinden skulle løye.

– Vi er nær 100 meter frå sjøen, men glasa var så kvite av sjødrev, at du ikkje såg ut. Då sjødrevet kom var det slik at du ikkje såg huset som står 75 meter lenger borte i tunet, fortel Sandal til NRK.no.

41 meter per sekund

Statsmeteorolog Berge opplyser at vinden i går føremiddag vart registrert med 33 meter per sekund på det sterkaste. På 1890 meter høgde, vart det ved Juvasshøe like over fylkesgrensa målt 41 meter per sekund i vindkasta.

Til samanlikning vart det mellom klokka 11 og 12 1. juledag målt 23,1 meter i sekundet ved Førde lufthamn Bringeland i Gaular. Når vinden no roar seg utover ettermiddag og kveld, er det medan dei venta på at den skal ta til att fredag ettermiddag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Uvêr på Isane i Nordfjord første juledag

KRAFTIG VIND: Vinden blåste kraftig på Isane onsdag.

Foto: Hanne Sandal

– Det blir nok ikkje så heftig som i går, men frå seint føremiddag vil vinden auke på til søraustleg sterk kulsing. Der ser den ut til å halde seg til natt til laurdag, når den dreier sørleg med same styrke, seier Berge.

Dårlegast i sør

Og vinden blir kraftig på heile Vestlandet.

– Det blir eit hakk verre jo lenger sør ein kjem. I Rogaland er det meldt full storm, Hordaland liten storm og Sogn og Fjordane sterk kuling, legg Berge til.

På det verste er det venta full storm rundt Stad og liten storm i høgfjellet. Legg ein til at nedbøren som er venta fredag ettermiddag vil komme i form av snø, så er det også duka for vanskelege køyreforhold på alle fjellovergangar mellom aust og vest.

Ruske i fjellet

Torsdag morgon er Vikafjellet og Hardangervidda einaste stengde fjellovergangar, medan det er kolonnekøyring på Haukelifjell. Vikafjellet blir ikkje opna torsdag, og fredag kan det bli fleire.

Vikafjellet ved Hestavollen

STENGT: Slik ser det ut ved Hestavollen i 892 meters høgde på Vikafjellet.

Foto: Webkamera: / Statens vegvesen

– Det er ikkje sikkert at det blir stengde fjellovergangar, men det blir meir ruske, fortel vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal. Han legg til:

– Om ein absolutt må over fjellet, så bør ein gjere det i dag eller tidleg fredag. Seint på føremiddagen vil det byrja å blåse opp, og nedbøren vil komme som snø. Denne kombinasjonen kan gjere det gale nok.

Ifølgje prognosane vil vinden roe seg att laurdag ettermiddag når den dreier sørvest. Søndag vil den vere nede i frisk bris.