Hopp til innhold

Kostbar jakt på ny Fundo-eigar

Innovasjon Norge har tapt mellom ti og 20 millionar kroner på Fundo Wheels konkursen.

Halvor Flatland

Innovasjon Norge har vore tålmodige i jakta på ny eigar. Dei har tapt mykje pengar, men direktør Halvor Flatland er likevel nøgd. - No har vi fått inn ein global bildelprodusent som kjenner bilmarknaden. Det gir gode føresetnader for å lukkast og skape svært etterlengta arbeidsplassar, seier han.

Berre arbeidet med å skaffe nye eigarar, og å ta vare på og følgje opp buet etter Fundo Wheels, kosta Innovasjon Norge fleire millionar kroner.

Samla sett reknar Innovasjon Norge å ha tapt mellom ti og 20 millionar kroner på Fundo-konkursen.

- Vi har brukt enormt med eigne ressursar og på å leige inn folk. I tillegg selde vi buet til ein lågare pris enn det vi hadde lån på, stadfestar direktør for Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, Halvor Flatland.

Video Felgane rullar igjen

SJÅ: Felgane rullar att.

Verd å tape pengane

Denne veka vart det endeleg avgjort at den franske bildelprodusenten Saint Jean Industries tek over den konkursråka felgfabrikken i Høyanger. Prisen franskmennene må betale er ikkje offentleg.

I 2013 satsar selskapet på kring 70 tilsette og 200 000 produserte bilfelgar. To år etter er målet 150 tilsette og ein halv million felgar.

- Vi taper ein del pengar, men det er inga krise for Innovasjon Norge. Vi har eit eige tapsfond vi trekkjer det frå. Når ein ser resultatet og arbeidsplassane vi får til i Høyanger, så er vi likevel nøgde. Det var det vi arbeidde mot, seier Flatland.

Stor interesse

Patenten på hybridfelgen, som vart utvikla hos hjørnesteinsverksemda i Høyanger, var ettertrakta. Etter at konkursen melde kring 20 meir eller mindre seriøse interessentar seg. Ei handfull verksemder kom til Høyanger for å sjå på fabrikken, medan ein del verksemder sende rådgjevarar.

Allereie dagen etter konkursen melde ei lokal gruppe seg og ville kjøpe buet. Innovasjon Norge meinte dei ikkje hadde den finansielle bakgrunnet som var naudsynt for å starte opp att produksjonen - og sa nei.

- Då vi fann ein aktør som kunne kombinere den teknologien med det dei sjølve hadde, så satsa vi fullt på det. Alt frå første gong såg eg det som interessant å bringe Saint Jean til Høyanger. Vi ser eit veldig godt resultat i dag, seier Flatland.

- Kunne fått meir

Flatland seier dei kunne seld patenten til utlandet for ein høgare sum enn det franskmennene gav.

- Men vi var opptekne av å utvikle lønnsame arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, og denne teknologien er utvikla her i bygda. Vi har hatt som mål å få den i produksjon her att, seier Flatland.

Video nsps_upload_2009_2_12_19_6_38_38.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

SJÅ: Siste dag på Fundo.

Jobben er ikkje over

Oppskaleringa frå 2011 til 2015 føreset at franskmennene invisterer kring 120 millionar kroner. Innovasjon Norge medverkar med lånekapital.

- Dei har ein jobb å gjere med å ferdigstille teknologien som skal brukast til å produsere hybridfelgen. Dei må til med betydelege investeringar fram mot 2015, men eg legg til grunn at vi er ein finansiør av utviklingsaktiviteten der, seier Flatland.